Plakett utdeling i Ullaland 4H

Her har stolte vinnere av 4H i Ullaland krins. Klubbleiar Arild Herstad til venstre. Deretter Margun Vestrheim, Solveig Sørebø, Norild og Annbjørg Løtuft. Heilt til høgre Jens Vestrheim.

Stad: Ullaland, Info og eigar: Jens Vestrheim,  Fotograf: ?,  År: 1965-70,      *firehh228

 

Eitt svar til Plakett utdeling i Ullaland 4H

  1. Jens Vestrheim seier:

    Ullaland 4H vart skipa i 1972. Annbjørg, Solveig, Norid og Margunn var dei fyrste som fullførde 4Hprogrammet sitt i klubben og fekk tildelt 4H-plaketten for godkjendt program
    4H plaketten er høgaste utmerking i 4H. Den heng høgt og det skal den gjera. Det krev uthaldenheit og trott for å fullføra programmet. Dei 4 h ane står for. Klårt hovud, Varmt hjarte, Flinke hender og God helse.
    Mottoet i 4H er: «Lære ved å gjera».
    Desse 4 jentene fekk utdelt 4H-plaketten på haustfesten i 1977. og den vart utdelt av dir. i Vestl. Felleskjøp, Eirik Gjeldokk som var ordførar i S. og Fj. 4H den gongen.
    Arild Herstad skulle og ha hatt plaketten, eit år tidlegare. Men der gjorde klubbleiinga ein feil. Han hadde kanin som oppgåve siste året. Så dauda kanina og vi trudde han ikkje kunne fullføra.
    Dette måtte klubben prøva å retta oppatt, og gjorde vel det, men han fekk ikkje plaketten, diverre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.