5 ungdomar i sentrum 1931

Frå venstre: Svanhild Soltveit, gift Rygg, Gudbjørg Karstad, Jofrid Erdal, Bjørg Litlere og Asbjørn Soltveit.

Bilete er teke oppe på Skora som ligg rett bak huset til Gunnvor Hjelle Eilertsen. Husa på venstre sida av vegen. Naustet i Tuna. Naustet til Friis. Bolighuset til Friis.  Naust ?. Bolighuset til Matias Hukset den eldre. Bak det Snikkarskulen og Eggehuset. Heilt til h. bolighuset til Andrias Hjelle.  Naustdal kyrkje. Bak Friishuset; Hotellet. Lengre bak Litlere-huset og Baughuset. Til v. for grantre, lager til Litlerehuset. På venstresida av vegen. Framme, huset til Sara Jonstad  ( Jonstad butikken). Bak bolighuset i Tuna. Til venstre eldhuset og floren,  stallen i Tuna Til h. huset til Ole Mikal Naustdal. (I Kvia). Til h. Bakeriet til Ola Bertsen. (Bakarola). Heilt bak t.v. Kleivabua. Naustdal Skule. Tidlegare kommunehus. Bolig huset og bakeri til Sivert Reed, no Kyrkjelydshus. Bolighuset til Gundersen.

Årstal: 1931-32,    Eigar og info: Asbjørn Soltveit , Fotograf:  Kåre Karstad ,  Stad: Naustdal,   *F618-128

Takk Bjarne for fyldig info.

2 Responses to 5 ungdomar i sentrum 1931

  1. Bjarne Erdal says:

    Framfor nauste i Tuna ser ein eit åpe bygg med lyst tak, som er bygt over Horstadtrappa. Dette er truleg ei heiseanordning som vart brukt til å heise div. varer frå motor og robåtar, som kom inn til Horstatrappa på flo sjø.

  2. Bjarne Erdal says:

    Jofrid Erdal, g. Hornnes, Bjørg Litlere , g. Schei,
    Gudbjørg Karstad, g. Isachsen.
    Foreldra til Gudbjørg er AnneBergitta og Olav Karstad. Anne Bergitta kom frå garden Sunde G.nr.118. Br.nr 1 i Naustdal, Olav kom frå Solheimsdalen tidlegare Naustdal,no Førde. Olav var rektor på Mindresunde og Langvin Jordbruksskule frå 1920 til 1950. Mor til Gudbjørg og mor til Svanhild og Asbjørn er systre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.