Daniel Nordheim i 1980 åra

Daniel Nordheim, f. 07.11.1899, i Fitjekvia, d. 1986, g.m. Anna Sofie Herstad 1924.
Han tok lærarutdanning i Volda, og etter ei kort periode som lærar i Florø kom han til Ullaland og var lærar her i resten av sitt yrkeraktive liv. Han vart skuleinspektør, var aktiv i kommunalt stryr og stell, m.a. fleire valbolkar i komm. styre/formannskap.
Ei av hans serinteresser var korsong og her la han ned eit stort arbeid som korleiar gjennom mange tiår.

Treskjering var hobbyen hans etter han vart pensjonist.

gnr.113.12, Foto: Ukjend, info: Inge Eiksund, Eigar: Jofrid Aamot, År: 1980 åra, *1229

One Response to Daniel Nordheim i 1980 åra

  1. Inge Eiksund says:

    Her må også nemnst at då nasistregjeringa oppretta det dei kalla Lærarsambandet og ville tvinge alle lærarar inn i det, og då det synte seg å bli nesten heilt misslukka, føretok dei represalier mot ei gruppe lærarar. Det gjekk m.a. ut på at ein stor flokk vart sende til Kirkenes der det var oppretta ein tvangsarbeidsleir. Alle lærarane i Naustdal nekta å gå inn i den nemnde organisasjonen. Då var det at Daniel Nordheim vart utpeikt og send til Kirkenes, det var vel i 1942, og måtte vere der ei god tid. Kona hans døydde i 1941, og han måtte forlate tre born frå sju til sytten år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.