Lemma på Ullaland skule

«På Lemma» skuleåret 1968-69, Ullaland skule, 1. og  2. klasse.

1. rekke til venstre: Vigdis Årdal.
2. rekke: Frode Nordheim, Terje Kleiva og Lillian Erdalsdal.
3. rekke: Ingunn Herstad ( som gikk første året), Kjetil Ullaland, Henning Fitje, Oddleif Savland. Bak står Kjell Herstad og Bård Sørebø som også ville være med på bildet. Knut Folkestad er ikke med.
Vindusrekka: 1. klassingene: Judit Løtuft, Magnar Birkeli, Dagrun Sølvberg og Geir Ståle Kalland (ståande).

Under: Gamleskulen på Ullaland i 1964. Her fekk Anne Britt lærarstilling i 1968 som nyutdannet lærar.

Dette seier Jens Vestrheim bl.anna om skulen:

I 1940 åra var det ingen kjellar, og soleis heller ingen «do» i huset. Doen og vedahus var i eit lite sjølvstendig bygg vest for skulehuset. Det er rett at det er gråsteinsmur under huset den gongen. Huset vart flytta ,vel ein gong midt i 1950 åra, ca. 40- 50m mot vest til ny grunnmur. Då vart det rom for Gymsal, kjøkken,»do» i kjellargangen og det var avsett eit rom som var tenkt till «folkebad». Det var ikkje ark på taket på Ullaland gamle skule. Der var takglas, iallfall på loftsrommet som var kjøkken.

Ullaland skule vart bygt i 1902. Ny skule vart bygt og opna på Kalland i 1978

1238u_prv

1964 Telemark eller Widerøe flyselskap. NFS

År: 1968-70, Fotograf og eigar av hovudbilde: Anne Britt Stapelfeldt,  *anst122

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.