Naustdal sentrum

Dette bilete er frå 1955/56. Oppe til venstre er Gundersløa, område til høgre for løa, mot stølsvegen vart kalla Geila. Til venstre for Kyrkjelydshuset er huset til Matias Solheim. Han dreiv butikk som vart kalla Manufakturen. Matias dreiv og drosjer i mange år. Bak butikken er garasje og lager. Til venstre for Manufakturen, huset til Erling Gundersen. (Friis) Til venstre for garasjen vedahuset til Gundersen. Område til høgre for Baughuset vart kalla Bussholdeplassen.

#400, gnr.99, År: 1956, Info: Bjarne Erdal, Foto: Telemark Flyselskap,   *8402

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.