8 Mai 1945 A

Bilete er teke 8 Mai 1945 . Same som neste bilete versjon 2 Krigen er over. Bjarne og Arnljot har bytta  plass.

Nede f.v: Harald Fitje,  Inge Fitje, Ståande: Bjarne Fitje, Arnljot Sørebø med radioen og  Bjarne Åmot.

gnr.112.3, Foto: Ukjend, Eigar: Bård Sørebø, År: 1945,   *3102

3 svar til 8 Mai 1945 A

  1. Inge Fitje seier:

    8.mai 1945
    Det knyter seg ei litt ukjend historie bak radioen på Fitje. Son kjendt skulle alle radioapparat innleverast. Det var pålegg av okkupasjonsmaktene i 1940-45. Inga Slettemark leverte ikkje inn sin radio men gøymde den i ei kiste på Ullaland skule. Det fann ungdomane ut og gjekk der å lytta på nyheiter. Ein gong dei var der kom eigaren av radioen på dei mens dei lytta. Alle hadde respekt for Inga, ho var ikkje kjend for å legge fingrane i mellom dersom det var noko ho ikkje likte. Ungdomane tok like godt radioen under armen og sprang der i frå. Sidan var radioen på Fitje, først i fjøsen men seinare på buabordet. Det kom mange frå nær og fjern for å lytte. Det viste seg seinare at Bjarne Fitje var anmeldt for å ha radio minst to ganger. Rett skal vere rett, anmeldelsane gjekk til Doktor Øye som var NS melem og utpeikt av styresmaktene som ordførar i Naustdal. Han kasta anmeldelsane i papirkorga og sende dei ikkje vidare. Eg har høyrt sagt at den trdje anmeldelsn var send utanom Øye men det er eg usikker på.
    Anmeldaren skal etter historia, fortalt på dødslega kva han hadde gjort.
    Bjarne leverte tilbake radioen til Inga like etter at krigen var slutt. Inga meinte det var fint at dei hadde nytta radioen men ynskte seg 1 kilo smør for lånet. Kor mykje eit kilo smør kosta 1945 hugsar eg ikkje men det var sikkert ei rimeleg leige for radioen i fleire år.

  2. Odd Byrkjeflot seier:

    Takkar Inge for denne historia. Det er slik vi kan take vare på soga. Om nokon har meir å føye til eller høyrt soga på ein annan måte, hadde det vore fint å fått det fram.

  3. Inge Eiksund seier:

    Det var ei flott historie, eg høyrde sjølv om at der skulle vere ein radio på Fitje då eg kom til Naustdal i 1943. Berre ein liten merknad: Tilbakeleveringa av radioen skjedde «like etter (at) freden (k o m), eller sagt på ein annan måte «like etter krigens slutt».

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.