Nok eit bilete av sentrum

Det har dukket opp eit nytt ukjend (for meg) bilete av sentrum kring Bærelva. Vi kan sjå to broar over elva. Den eine er vekke og fører til Brautahuset. Bak dette huset skimter vi Fauskehuset og godt synleg doktorbustaden. I bilete finn vi folk som går på vegen samt biler og kuer. Bak kortet står: Nr.3   D. Reiakvam

Eigar: Rolf Haugnes, År: 1925 – 1935, Foto: Ukjend,   *2152

3 Responses to Nok eit bilete av sentrum

  1. Bjarne Erdal says:

    Dette bilete er teke før 1935. Løa til Eiliv Erdal var bygd i 1935/36. Løa er ikkje på bilde.

  2. Olav Reiakvam says:

    Dette biletet er nok ikkje tekje av Dagfinn Reiakvam sidan det er frå før 1935. Han gjekk i fotograflære hos fotograf Tonning i Stryn rett før krigen, og i arkivet vårt er der nokre få negativ frå 38-39. Under krigen var det generellt forbod mot landskapsfotografering og vanskeleg å få tak i film, så dei aller fleste D. Reiakvam bileta er frå etter 1945. Dette biletet eg også nytt og ukjendt for meg, men det kan kanskje vere eit Fauske bilete?

  3. Takk Olav. Då er det vel D. Reiakvam som har fått i oppdrag å kopieret kortet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.