Dikting og diktarar frå Naustdal og Vevring.
«Her er so fagert ved høge lid» inneheld 87 utvalde skjønnlitterære tekstar av eit femtital kjende og mindre kjende forfattarar og skribentar med tilknyting til Naustdal. Her er lyrikk, salmar, forteljingar, noveller, utdrag frå romanar. essay, morostubbar og ikkje minst, den halvvegs gløymde sjangeren reisebrevet.
Tekstane har alle vore på tryk før. Det er såleis blitt ei spennande reise over kva som har rørt seg på det littelære området i soknene Naustdal og Vevring – og no Naustdal kommune – i over 150 år.
Elevane i 6. og 7. klasse ved Naustdal Barne- og Ungdoms-skule har hatt som prosjekt å lage illustrasjonar.Antologien kjem ut i høve at Naustdal Sogelag i år (2010) er 20 år.