NY HEIMESIDE TIL SOGELAGET (skrevet 1 okt 2010)
Sogelaget har fått laga ny heimeside. Hoved grunnen er trong for eit fotoalbum. Sogelaget er eigar av ei fotosamling med namn "Naustdal Foto Samling" heretter kalla NFS. Magnus Fitje samla inn og fekk avfotografert bilder frå heile Naustdal for 10 - 15 år siden. han gjorde ein framifrå jobb, men bildene ligg støva ned. Vi vil no legge desse bildene samt fleire som måtte komme til i eit fotoalbum som ein kan bla i og skrive kommentarer.
Desse kommentarane er viktig for å få retta og videreført historia omkring bildene.

Her er linken til den nye sogesida. Tips: Vel Fotoalbum



Fest for syskena Eldrid og Kåre Lunden (lagt inn 25 Sept 2010)

Frå Wikipedia: ELDRID LUNDEN (født 5. oktober 1940 i Naustdal), er en norsk lyriker og professor i skrivekunst. Hun skriver på nynorsk. Hun regnes som en av Norges viktigste lyrikere innenfor modernismen. Lunden er utdannet cand. philol. ved Universitetet i Oslo. Hun har arbeidet som lærer i videregående skole og høgskole. I 1996 ble hun Norges første professor i skrivekunst. Hun var med på å starte og er studieleder ved Forfatterstudiet i Bø ved Høgskolen i Telemark. Lunden var en del av miljøet rundt tidsskriftet Profil.

KÅRE LUNDEN (født 8. april 1930 i Naustdal) er en norsk historiker og professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo. Tyngdepunktet av forskningen hans ligger innenfor middelalderens sosiale og økonomiske historie.
Bakgrunn - Kåre Lunden er fra Naustdal i Sunnfjord; faren var småbruker og anleggsarbeider. Han tok examen artium ved Firda landsgymnas i 1950 og studerte ved Norges landbrukshøgskole, der han ble utdannet sivilagronom i 1957. Deretter var han til 1963 sekretær i Kirke- og undervisningsdepartementet, før han skrev om Heggen og Frøland i mellomalderen og tok hovedfag i historie i 1965. Han arbeidet ved Norsk Lokalhistorisk Institutt fra 1964 og ved Norges Lærerhøgskole i Trondheim fra 1966. Fra 1971 var han ansatt ved Historisk institutt i Oslo, først som universitetslektor, deretter som professor fra 1976 til 1997.

Teksten er henta frå Naustdal Mållag

To markante røyster i den nynorske skriftkulturen, Eldrid Lunden og Kåre Lunden, jubilerer med høvesvis 70 og 80 år i 2010, og heimbygda Naustdal heidrar jubilantane med ein innhaldsrik festdag laurdag 9. oktober 2010.

To sysken frå ein liten gard i Sunnfjord. Eit skjønnlitterært og eit faglitterært forfattarskap. To kritiske pennar, to djerve røyster i det norske offentlege rom. - Vi ynskjer å setje søkjelys på den kritiske krafta i forfattarskapa, deira sentrale posisjon nasjonalt og deira tilskot til den nynorske skriftkulturen, seier rådgjevar for oppvekst og kultur i Naustdal kommune Trine Falkenstein. Det vert eit større arrangement med open konferanse i Naustdalshallen, marknad i og ved Naustdal barne- og ungdomsskule og festkveld i grendahuset Fosshalla. Bak arrangementet står Naustdal kommune, Naustdal Sogelag, Naustdal Mållag, Eldrerådet og Naustdal Ungdomslag. Eldrid Lunden er som lyrikar og professor i skrivekunst ein av dei viktigaste modernistiske lyrikarane våre med ei rekkje publikasjonar og prisar (m.a. Brageprisen, Aschehougprisen, Nynorsk Litteraturpris og Doblougprisen). Ho var med på å stifte forfattarstudiet i Bø, og 1968-68 var ho ein del av miljøet kring det innflytelsesrike litteratur og samfunnskritiske tidsskriftet Profil. Kåre Lunden er sivilagronom og historikar. Markant professor ved Universitetet i Oslo gjennom mange år, med heile spennet frå vikingtid til hamskifte, frå 850 til 1850 som forskings- og undervisningsområde. Kåre Lunden særmerkjer seg med eit folkeleg, levande språk og med sterke synspunkt og teoriar. Han har også fått prisar, mellom andre Klassekampen sin kulturpris Neshornet og Norsk Språkpris. - Vi har lagt opp til eit program som vi vonar både lek og lærd vil finne interessant og oppmodar alle litteratur og samfunnsinteresserte til å leite opp programmet på Naustdal kommune sine vevsider, avsluttar Trine Falkenstein.

Arrangementet er støtta av Fritt Ord, Norsk Kulturråd og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Sjå www.naustdal.kommune.no for program og meir informasjon.

Naustdalsantologien Som ein del av festdagen vert Harald Jarl Runde og Naustdal Sogelag si bok ”Her er så fagert ved høge lid” presentert. Boka inneheld 86 utvalde skjønnlitterære tekstar av eit femtital kjende og mindre kjende forfattarar og skribentar med tilknyting til Naustdal. Her er lyrikk, salmar, forteljingar, noveller, utdrag frå romanar, essay, morostubbar og ikkje minst, den halvveges gløymde sjangeren reisebrevet. Tekstane har alle vore på trykk før. Det er såleis blitt ei spennande reise over kva som har rørt seg på det litterære området i soknene Vevring og Naustdal – og no Naustdal kommune – i over 150 år. Den djuptgripande vekkinga og mektige åndsrørsla med hovudtyngd i Vevring og Bru frå 1830-åra avla forfattarar, lyrikarar, salmediktarar og skriveføre emissærar, prestar og misjonærar. Dei framstormande og radikale ungdomane i Naustedalen frå kring 1900 avla målmenn, bladmenn og forleggarar. Og så har me ”Alle dei andre” som ikkje let seg setje på bås. Takka vere rause gåver frå Kulturetaten i Naustdal kommune, Sparebanken i Sogn og Fjordane og Noregs Mållag har prosjektet late seg gjennomføre. Elevane i 6. og 7. klasse ved Naustdal Barne- og Ungdomsskule har hatt som prosjektoppgåve å lage illustrasjonar som vert stilt ut på festdagen for Eldrid og Kåre Lunden. Antologien kjem ut i høve at Naustdal Sogelag i år er 20 år gammalt. Vil du vite endå meir? Ring til: Arne Kleiva, Naustdal Mållag tlf. 47 17 00 11

Bryllaup på Ospehaugen 1931 (skrevet 25 Sept 2010)

Her er bildet med tekst frå Firda rett veg. Bak kan vi skimte Solheim / Furehaug på veg opp Ramsdalsheia.


Sanden Søndag 22 August (skrevet 27 Aug 2010)

Bildet syner mykje latter i teltet. Det er leiar i sogelaget Per Storegjerde som fortel..


Sogelaget hadde telt med utstilling av bilder frå fjøreområdet i gamle dager. Det var og lagt opp til fjørevandring der gruppa vandra frå meieriet gjennom pilestredet, forbi "huset neri gara" og til Ragnvalden (besten).
Det var Matias Hukset som leia gruppa. Det blei mykje diskusjoner undervegs slik at kvar tur tok noke lang tid. Det var svært velukket.

TRYKK HER FOR Å BILETA I EIGE VINDAUGE


Skaflestadstølen (skrevet 21 Mai 2010)

Firda hadde for ei veke sidan 2 stk "ukjende" biletar frå Naustdal. Einar Eimhjellen hadde namna på alle i det eine bilete som er vist over her. Frå venstre til høgre er namna (med nasen som posisjon):

Anna Widding, Tordis Skaflestad (Åmot), Jostein Gamlestøl, 4.Anders Gamlestøl, Laura Gamlestøl, Sverre Gamlestøl (bak), Gunhild Skaflestad, Hans Widding med trekkspel, Audun Skaflestad, Jenny Skaflestad ?, Magnhild Gamlestøl og Helga Skaflestad.
Einar seier at bilete er teke på Skaflestadstølen i inste Naustedalen kring 1930-35 Bak ser vi Høgefjellet og Sandfjellet. Gardsbruket vi skimtar til venstre er Reinene ved inngangen til Trodalen


GRENDAKONTAKT (skrevet 11 Mai 2010)

Under arbeide med Naustdal bygdebok hadde vi ein kontaktperson i kvar grend. Det er ynskjeleg å få attende desse grendakontaktene. Sogelaget kan da lettere få tilgang til opplysninger frå heile kommunen. Det skal utarbeidast 2 sogeskrift fram mot november og det er ynskjeleg å dekke heile kommunen med innhaldet i sogeskriftet. Dessutan er det på gang ei fotosamling på nett der ein kan bla i gamle bilete og kommentere bileta. Grendakontaktene blir ikkje nedlesst med arbeide, men mest vere ein kontaktperson i grenda. Om nokon melder seg frivillig hadde det vore fint.


Utlån av diktafon (skrevet 21 mars 2010)

Sogelaget har kjøpt inn diktafon til utlån for sogelaget sine medlemar. Han er fin til å lagre ta opp opplysninger i ein samtale. Ved framvising av gamle bilder i ei gruppe blir det ofte mykje snakk og lite ble skrevet ned. Her kan ein ta opp lys og samle opplysninger i etterkant. Det er eit ynskje at sogelaget får ta del i desse opplysningane.

Ved behov kan ein kjøpe inn fleire og da slik at ein kan take opp gjennom telefon.


KORT FRÅ ÅRSMØTE I SOGELAGET (skrevet 18 mars 2010)

Det møtte i underkant 20 personer på årsmøte som ble holdt på Hojen Kafe. Per Storegjerde ynskte velkomen og orienterte om programmet for kvelden. Viser til fullstendig årsmøtereferat ein annan stad.
     Desse ble vald

Leiar         : PER STOREGJERDE
Styremedlemar : Odd Byrkjeflot 
              : Magnar Falkenstein
              : Magne Sæterlid (ny)
              : Erling Andvik (ny)
              : Åse Skaaden Erdal (vara)
              : Arvid Slettehaug (vara)
Skriftstyre   : Uendra
Valnemnd      : Uendra
Vandrarnemnd  : Uendra
Styret orienterte om ynskje om å gjenopprette grendakontakt nettverket som utførte eit stort arbeide ved å samle inn opplysninger til bygdebøkene.

Aud Slettehaug viste film og fortalde om luftslaget over Førdefjorden. Det var mange av dei framøtte som hugsa og fortalde om sine opplevingar av dette. Ove Frammarsvik, Sigurd Buanes, var augevitne til angrepet på båtane, Karl Gjelsvik såg på at eit bombefly vart nedskote. Inne i dalen var Einar Eimhjellen og Haldor Herstad augevitne til luftkampane, Haldor såg truleg nedskytinga av den høgt dekorerte tyske jagarflygaren Rudi Lenz.

Det var no tid for matøkt med servering av kaffi, lefser og kaker

Etter endt matøkt slapp kåsørane til.

Leif Slettehaug synte bilete av gamle båtar og aktivitetar frå fjorden og fortalde om frakteruter og posttrafikken her.

Einar Eimhjellen synte film, foto og lydband frå eige opptak. Årsmøte fekk eit godt innblikk i dagleglivet i Naustdal frå 60 åra og fram til i dag. Han hadde ogso mykje å fortelje om musikklivet i bygda.

Her er Årsmøtereferat 2009 i PDF - format

Nytt bilete frå Inge Fitje (05 Mars) og litt om ny heimeside for sogelaget.

25 års jubilantar i Tambarskjelvar idrettslag
Inge har utført eit stort arbeid med å skanne Naustdal Fotosamling. Han er fortsatt i ferd med å innhente navn på personar i bileta. Samlinga har mangler som vi kjem tilbake til. Det kan nemnast at Sogelaget er i ferd med å lage biletprogram på nett slik at ein kan bla i NFS og skrive kommentarer til bildene. I det høve er ein naudd til å lage heilt ny heimeside noe som er krevjande. Sogelaget kunne ha bruk for sponsorer eller kyndig hjelp til dette arbeide. Det er bare å melde seg. Vel, her er namna på personane.

Første rekke alltid frå venstre:
Halldor Herstad, Jostein Joleik, Sigvald Solås, Joar Herstad. Personen heilt til høgre er ukjend for meg. Andre rekke:
Erik Horstad, Atle Nes, Einar Hove, Einar Aamot, Jon Bruflot. Dei 2 heil bak:
Oddvar Aamot, Sverre Klopstad.

Fann ikkje dette bilete i Tamberskjelvar si bok av 2008
ÅRSMØTE I SOGELAGET (skrevet 18 feb 2010)

Ope årsmøte blir TYSDAG 2. mars 2010 kl. 1900 på Håjen kafe.

I tillegg til vanlege årsmøtesaker vil ein markere at det no 9. februar var 65 år sidan luftslaget over Førdefjorden. Etter omvisning i luftkampmuseet , vil personar som opplevde dette på nært hald i Frammarsvika fortelje om sine opplevingar. Trebåt- og veteranbåtentusiast Leif Slettehaug vil kåsere om denne delen av forhistoria til Naustdal. Velkjent er båt- og jaktefarten i Sogn og Nordfjord, men ikkje i Førdefjorden. Vi er spente på kva kåsøren kan grave fram. Den farlege mellomalderen har øydelagt mykje godt historisk stoff. Einar Eimhjellen vil vise og ta for seg kva vi kan gjere med levande smalfilm og lydopptak frå vår nære fortid. Det vert i ekte sogelagstil servert tradisjonsmat frå HMS kongeleg hofflevrandør Helgas bakeri. Møtet er ope for alle , og det vert høve til å kjøpe bygdebøker og sogeskrift laget står bak.

Her er Årsmeldinga 2009 i PDF - format


Riving av Audstein Erdal sitt hus?? (17 feb 2010)

Litt brutalt skreve, men det kan bli resultatet om vi ikkje tek diskusjonen. Styret i Sogelaget har drøfta saken og meiner at huset må takast vare på.

Kommunen har kjøpt hus og tomt og har tanker om å bygge barnehage. Huset er bygd rundt 1905 og er ikkje nemneverdig bygd om eller øydelagd.

Trykk på bilete for å få større oversikt.


Nytt "Vekas bilete" (21 jan 2010)
Bilete er frå Ullaland skule i mitredalen krins i Naustdal.Tid skal vere i 30 åra. For ordens skuld så heitte skulen i Mitredalen Ullaland Skule før den vart flytta til Kalland. Bilete stammer frå Sofia Einevoll som var lærar i båe Ullaland og Horstad skulekrins. Sendar seier han har i alt 5 bilete i denne samlinga. Han seier vidare at han ikkje har historia bak bilete. Trykk på "vekas bilete" for å sjå større utgåve og namn på elevane. Sogelaget ynskjer fleire opplysninger om bilete.


"Staskle på når dei drog til fjells" (09 jan 2010)
Inge Fitje har merka seg i Sogeskrift for 2009 at det er undring på kvifor folk pynta seg for å gå til støls mot helg. Han skriv i e-post til sogelaget fylgjande: "Det var skikk og bruk så seint som i mi ungdomstid at vi hadde kvardagskle og sundagskle. Alle tok på seg litt meir staskle sundagane enten ein var nede i bygda eller til fjells. Budeiene hadde klebyte med på stølen om helgane. Kom det besøk på stølen så var det vanlegast om helgane, då hadde ein tid. I gamle foto frå Naustdal ser eg at mannfolk tok på seg slips når dei var på sykkeltur, og kvinnene i fine fotside kjolar. Der er mange foto frå stølsselskap der damene har på seg ei eller anna form for bunad og mannfolka gjerne med slips. Det var kulturen her i bygdene heilt fram til mi ungdomstid. Eigentleg har vi ein del å lære av fortida når det gjeld klesskikk. Eit interessant sogeskrift med mange bilete og korte interessante artiklar."
Inge Fitje vaks opp på Fitje i Naustdal og gjekk av som leiar i sogelaget for eit år sida. Han er enno opptatt i å namngje personar og i å teke vare på gamle bilete frå Naustdal.


Veke 32 bilete har fått fleire opplysningar. (01 des 2009)

Det har kommet opplysninger vedr. bilete veke 32. Bilde er frå Horstadflatene med Kvame i bakgrunnen og Mads og Mathias Horstad lengst bak
Trykk på vekas bllete og du finn dei nye opplysningane under bilete 32.




Tilbakemelding sogeskrift 2009 (01 des 2009)
Sogelaget har fått fleire tilbakemeldingar på baksidebildet. Kan sitere frå brev skrevet av Inge Eiksund som bur i Ullalandsområdet der bilete er teke. Han skriv at same fotoet finn ein i Bygdebok for Naustdal band II side 276.

Sitat: "Personane på fotoet er frå venstre Andreas, Kristianna og ei tenestejente ein ikkje veit namnet på. Framme står omlag 5 år gamle Tomina.
Andreas vaks opp på Kleiva, bnr.1 Bøen. Vart gardsdreng på Ullaland, bnr. 1 Nilstunet, vart gift med yngste dotter på garden, Kristianna. Ho levde til ho var nesten 111 år gammal, dei ca. 20 siste åra på Naustdal Alders- og sjukeheim.
Dei fekk to døtre, Tomina f. 1905 og Maria, f. 1908.
Tidlegare eigar av Nilstunet hadde kjøpt nabogarden Vellene, og åtte dessutan ein husmannsplass, Hogen.
Kristianna hadde tre brør som vaks opp, Kristoffer, Olai og Tomas. Alle tre reiste til Amerika og vart verande der. Eldste søstera, Oleanna vart gift med Kornelius Helle og dei fekk plassen Hogen (bnr.6). Ei søster, Berte Marie, var helseveik, men levde til ho var over 80 år. Søstera Anna vart gift med Nils Nydal frå Holsen. Dei fekk den delen av garden som hadde vore Vellene. Kristianna fekk overta gamletunet.
Om slekta elles finn ein i bygdeboka under gardsnamnet Ullaland, og vil der m.a. sjå at fleire av den store syskenflokken døydde heilt unge.






Sogeskrift for 2009 er klar til utsending (22 nov 2009)
No i desse dagar blir sogehefte for 2009 dumpa ned i postkassene til medlemane i Naustdal Sogelag. Det er enno plass til nokre fleire medlemer om du ynskjer å støtte arbeidet i sogelaget. Det enklaste er da å sende ein e-mail til Rolf Solheim rolf-sol@online.no eller ringe 578 19362 Da får du sogehefte tilsendt saman med faktura for medlemsavgift på 150 kr. Du får og kjøpt hefte i banken og på Hojen Kafe. Er du på biblioteket kan det hende at dei har heftet og.

Styret takker eldsjela Harald Jarl Runde med fleire for arbeidet med sogeskriftet dette året og.

Eit nytt bilete frå fjøra dukka opp (09 sept 2009)
Fann eit bilete frå fjøra og legg det ut her. Bilete er frå albumet frå Olianne Fjellestad og var i dårleg forfatning. Kan hende finnast det mange betre utgåver av dette bilete rundt omkring, da bør det skannast og sogelaget vil ta vare på det. Noen som kan tidfeste bilete? Vi skulle ynskt at fleire kantar av kommunen blir sett i fokus, da er det berre å kome med bilete eller historia.


Veke 27 bilete har fått fleire opplysningar. (04.sept 09)
Firda hadde bilete veke 27 for andre gong 31 august. Trykk på vekas bllete og du finn dei nye opplysningane under bilete. Det er for gale at det må inn i Firda for å nå ut til folket.
Eit skriv om gamlekyrkja 22.August 2009
Eit skriv om gamlekyrkja dukket opp. Truleg skrevet av Johannes Haugnes. Takker sendaren for bidraget og ynskjer fleire slike skriv. Gjerne fordelt på gardsnr. Det er litt langt men legger det ut under her i håp om å få tilbakemelding. Helst på odd@byrkjeflotxx.no (ta bort de to "xx" ane)





SANDEN SØNDAG 2009 ER HISTORIE skrevet den 16.August 2009
Det var ein regnfull Søndag. Sogelaget sette opp teltet sitt, noe som publikum sette pris på. Teltet var stort og ein kunne ta med mat og ete inne. Sjå bilete under.
Mange hadde soger (historier) å fortelje. Det meste var ikkje skrevet ned, men gjekk på folkemunne. Noen soger treng ikkje være den fulle sanninga. Difor er det viktig å skrive ned slik at andre kan korrigere.
Teltet var fullt av bilete frå sentrum. Det blei nemnt at Naustdal ikkje berre er sentrum, Dette må vi gjere noe med og difor treng vi personar som kan samle stoff og bilete frå heile Naustdal. Det ble gjennomført tre historiske fjørevandringar frå "Ragnvalden" til kaia. Det var Matias Hukset som leia vandringa. Regnet gjorde sitt til at det var få personer på kvar vandring.

Frå sogeteltet





SANDEN SØNDAG NY den 16 August 2009
Sogelaget har no samla fleire bilete frå sentrum til bruk denne Søndagen. Trykk på linken for å sjå bileta. Har du nye / gamle bilete vi kan leggja ut, set vi pris på det. Kan og vere nyare bilete.

TRYKK HER FOR Å SJÅ BILETA I EIGE VINDAUGE


SANDEN SØNDAG den 16 August 2009
Sogelaget skal ha "Stand" på denne Søndagen der vi har historisk Fjørevandring. Sogelaget mangler bilete som dokumenterer det eldre Naustdal. Spesiellt treng vi bilete frå fjøra. Vi treng orginalar som vi kan skanne og skrive ut i større format.
Nytt vekas bilete 32 (31 juli 09)
Bilete for veke 32 er lagt ut. Det blir ikkje nytt bilete kvar veke avdi ein ikkje får særleg respons, og at det ikkje er bilete å leggje ut.
Nytt vekas bilete og tips er komen. (04 juli 09)
Bilete for veke 28 er lagt ut. Eg måtte berre ta eit av mine ukjende. Har du eit bilete kan vi skanne det for deg. Ta kontakt med meg på tlf 99613190 eller odd@byrkjeflot.no Det er kommet inn tips for bilete veke 27. Trykk på vekas bilete.
Dei gamle driftevegane, Naustdal - Trodal (21 juni 09)
I år er det 170 år sidan fehandlaren frå Aurland Ole Olsen Otternes var på reise i Sunnfjord, si siste reise. På Trodalsstranda enda det brått. På Otternestunet i Aurland står stova der han budde, Framskåpet med namnet hans står der i den gamle stova.
Over to helgar i juni vil ein setje søkjelyset på denne hendinga og på driftevegane. Det blir i samarbeid med Sogn og Fjordane turlag og Indre Sunnfjord Turlag arrangert kulturkveld på Otternestunet der "Ole Olsen vert send mot Sunnfjord i båt ut fjorden. Så vert det vandring langs enkelte etappar av reiseruta, på Gaularfjellet, over til Haukedalen, vidare mot Jølster og så skal ein ende opp i Naustdal- i Trodalen. Laurdag 21. juni blir det vandring frå Fluge i Jølster til Angedalen, kulturkveld på Hegrenes Bruk og søndag blir det tur vidare til Trodalen og forhåpentleg ei kulturoppleving der i samarbeid med folket i Naustdal. Det er ynskje om at Songkoret i Naustdal og Korførde kunne møtast på Trodalsstranda denne søndagen til ei mektig oppleving under fjella der inne. Om vi greier å få det til vil vise seg. Vi ynskjer også at andre aktuelle t.d. toradargruppa i Naustdal og bygdekvinnene, ungdomslag og idrettslag osv kunne vere med på å lage eit Trodalsstemne denne dagen.
Vekas bilete
Ja, no er vi i gong med "veka sitt bilete". Vi har ikkje tenkt å konkurrere med Firda. Men er det nokon som har eit bilete med kanskje ukjende personar, eller ukjend hending så er det berre å sende dei til odd@byrkjeflot(xx).no. (Tak bort xx) Sogelaget kan og være behjelpeleg med skanning.
Det er reglar for kva bilete som kan leggjast på nett. Når det gjeld gamle bilder må ein bruke skjøn (hovude). Regelen er at personer må ha vore død i minst 15 år før dei kan avbildes på nettet. Men over 50 år gamle foto kan uproblematisk publiserast. Ein bør ta med kvar fotoet er kome frå og kven som er fotografen (opphavsrett)
Hjelpe Sogelaget
Utifrå teksten over har sogelaget eit stort ansvar ved å samle inn minne frå fortida. Vi treng difor hjelp av medlemer og andre til å arbeide med dette. Styret treng og tips til å gjere heimesida slik at ho blir nytta. Eit eksempel kan vere "Veka's bilde". Da treng vi bilete frå dykk. Andre tips?, kontakt gjerne Odd Byrkjeflot på tlf 57819787.
Ny kommuneside!
Naustdal kommune har frå 14 Mai 2009 fått ny heimeside og lag /organisasjonar må frå no av stå for si eiga side. Sogelaget har difor teke over den gamle sida. Vi må no oppdatere sida sjølv og ynskjer gjerne hjelp frå nokon som har greie på HTML og kan hjelpe oss med sida. Sogelaget har og teke over utvandrar sida som Sigmund Svoen har lagd ned eit stort arbeide på.
Utvandrarsida!
Sjå Naustdal Sogelag sitt arbeid med utvandrarsoge på denne nettstaden:
www.utvandring-naustdal.info

Ver med å gjere utvandrarsoga endå betre!

Sigmund Svoen er interessert i meir opplysningar om, og bilete av utvandra Naustdedøler.
Dersom du har opplysningar, kontakt Sigmund på:

Tlf: 57 81 92 90 eller 95 88 83 79
e-post: sigmund.svoen@enivest.net