Årsmelding for 2005.
Årsmøtet for 2004:
Møtet vart halde 14. mars 2004. Det møtte 8 medlemmer. Til tross for at ein hadde fått Olav Reiakvam til å syne ”Sunnfjordfilmen” for om mogeleg å trekke meir folk, må ein seie at oppmøtet var dårleg. Det har vore ein trend dei siste åra. Det gjer det vanskeleg å drive laget at så få av medlemmane er interessert i drifta av laget.
Styret:
Styret har i arbeidsåret vore slik samansett:
Jetvard Kalland, leiar.
Bertel Meek, nestleiar.
Erling Rasmussen, kasserar.
Bjarne Øyra, skrivar.
Orlaug Hove, styremedlem.
Jakob Slettehaug, varamedlem.
Jakob Thingnes, varamedlem.
Skriftstyre for sogeheftet:
Harald Runde, leiar
Torleiv Førland,
Arthur Søgnen.
Økonominemnd for bygdebøkene:
Leiv Sølvberg, leiar
Erling Rasmussen,
Per Storegjerde.
Bygdeboknemnd:
Olav Stendal, leiar.
Vandrarnemnd:
Jostein Sollid, Maria Herstad, Arthur Søgnen..
Revisor:
Haldor Herstad.
Valnemd til årsmøtet 2005:
Jostein Sollid, Ola Dag Thingnes, Målfrid Haugsbakk.
Lagsaktivitet:
Styret har hatt 6 møte og handsama 26 saker.
Starten av året var prega av hundreårsmarkeringa for 1905. Runde og Rasmussen var på seminar på Sandane i regi av Fylkesarkivet. Bjarne Øyra møtte på planleggingsmøte for markering i Naustdal.
Med god hjelp av Kjell Skaflestad har laget omsider fått ei heimeside. Den ligg under kommunen si heimeside. Det synte seg at andre ordningar vart for dyre for laget.
Sogelaget deltok også i år på Sanden-søndag med stand. Salet av bøker og sogeskrift var moderat.
Ein fekk også i år til ei sogevandring. Denne var midt i september i området Sollid-kvia – Kleppstølen. Stor takk til Jostein Sollid, Norhild Joleik og Olaug Joleik Kirkebø for svært interessante orienteringar og foredrag. Om lag 15 personar var med.
Sogeheftet i år var eit temahefte om salmane til Anders Redal. Det vart eit hefte med god kvalitet takka vere Harald Runde si tru på prosjektet. Arthur Søgnen gjorde ein flott innsats med notematerialet. Dei fleste av salmane vart framførde under to salmekveldar i oktober, ein i Vevring og ein i Naustdal. Det vart seld ca 35 hefte desse kveldane. Ein vil nytte høvet å takke Kyrkjemusikalsk utval og Naustdal Songlag for eit godt samarbeid med konsertane. Det var vellukka!
I november hadde vi lagsmøte med forfattar og skulemann Lidvald Stubhaug. Han fortalde om oppveksten i Naustdal i 1930 åra og gav smakebitar frå sitt forfattarskap. Alt for få, 17 stk, møtte opp for å høyre han.
Medlemstal:
Etter ein gjennomgang i høve til innbetaling av motteke sogehefte/kontingent, kan det tyde på at ein har operert med eit noko for høgt medlemstal i laget. Det ser ut for at ein i 2005 hadde 185 medlemmer.
Bygdebøkene:
Salet går jamt og trutt, men har kome under 40 000,- kr i året. Potensialet for bind tre er stort, men går framleis tregt. Ein vonar at ei heimeside der tilbodet vert presentert, kan hjelpe på.
Økonomi/drift av laget:
Laget har ein anstrengt økonomi. Lånet til utgjeving av bygdebøkene tyngjer drifta sjølv om det minkar år for år. Ein har no gjort om kassakredittlånet til eit ordinært lån. Dette sparer laget for utgifter, men ein vert meir bunden i høve den store utgiftsposten som er utgjeving av sogeheftet. Styret ynskjer difor å endre praksis for innkrevjing av medlemspengar. Dette er meir i tråd med vedtektene til laget. Medlemspengane vert kravd inn på våren og så får dei som betalar, heftet til jul. Ein må inn med ei betre finansiering av heftet m.a. gjennom sal av støtteannonser. Det er ikkje lagt opp til auke i medlemspengane, ein må heller prøve å få bort svinn. Det er ikkje god økonomi på kort sikt å ha eit stort lager av uselde sogehefte.
Vegen vidare:
Arbeidsoppgåver som må vektleggast:
-
Medlemsverving. Om ein ikkje gjer noko, vert medlemstalet mindre og mindre. Dette er eit signal ein må ta alvorleg!
- Aktivisering av medlemmane gjennom lagsmøte og sogevandringar må arbeidast med.
- Deltaking med stand på Bygdedagane og Sanden-søndag.
- Sogevandring på Bygdedagane.
- Sogeheftet. Det må arbeidast med ei betre finansiering, f.eks ved sal av støtteannonser. Skriftstyret ved leiar gjer ein kjempejobb og ein kan ikkje rekne med ein dugnadsinnsats år etter år der ein knapt får godtgjort utgiftene ein har.
- Manus (Film) til bind I og III er framleis ved trykkeriet og bør hentast.
- Lageret i kommunehuset hadde trengt ein ny ryddeaksjon, ikkje minst hadde det vore nyttig med ein gjennomgang av bind II for å luke ut bøker med feil.
- Sal av bøkene burde prioriterast for å skaffe fram kapital til anna arbeid.
- Mange lag og organisasjonar held no på å gå i dvale. Her ligg mykje godt lokalhistorisk stoff rundt i gamle protokollar og lagsarkiv. Her skulle det vore ressursar til å gjere ein jobb. Her er stoff til mange sogehefte.
- Etter kvart bør sogelaget ta til å tenkje på eit suppleringshefte til sogebøkene. Nye innbyggarar kjem til og andre fær frå. Kva form skal ein slik publikasjon ha?
Naustdal 28. februar 2006.
Jetvard Kalland Bertel Meek Erling Rasmussen
Bjarne Øyra Orlaug Hove
|