Anne O. Sæle 1950

Her sit Anne Olsdotter Sæle fødd 1883 døydde 1960, gravlagd ved Naustdal kyrkje. Bilete er frå kring 1955.56 på Fitje. No er både Anne og steinen ho sit på borte.
I sin ungdom hadde Anne flytta til Storelvdal og hadde arbeid der, men av ymse grunnar kom ho attende til Naustdal. Anne snakka ofte om tida i Storelvdal, trur ho lengta tilbake dit. Lange tider var ho på Fitje og hjelpte til i vanskeleg tider der, var stølsjente og som det står i folketellinga 1900, arbeidde med krøter og husstell. Ho budde heime på Sæla ved folketellinga 1900. Ein kan trykt seie om Anne, ho var ei fredsæl og arbeidsam kvinne.

gnr.112, Foto: Inge Fitje, År: 1950, Informant: Inge Fitje,   *2306

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.