Årsmøtereferat for 2021

Her er link til årsmøtereferatet for 2021 (.docx fil)

MØTEBOK

FRÅ ÅRSMØTE FOR 2020

Møtedato: Måndag 28. mars 2022

Møtestad: Kyrkjelydshuset

Frammøte: 17 stk.

Opning ved leiar:

Leiar Magne Naustdalslid ynskte alle velkomne. Det er gledeleg å sjå at så mange har møtt fram til årsmøte. Håpar vi får ein triveleg kveld.

Møtelyden hadde så 1 minutt stillheit for : Aud Røyrvik og Solveig Skogestad

Sak 1:GODKJENNING AV MØTEINNKALLING:

Innkallinga vart samrøystes godkjent.

Sak 2:GODKJENNING AV SAKLISTE:

Saklista vart samrøystes godkjent

Sak 3:VAL AV MØTELEIAR:

Magne Naustdalslid vart samrøystes vald som møteleiar

Sak 4: VAL AV REFERENT

Britt Kringlen vart samrøystes vald som referent

Sak 5: VAL AV 2 MØTEDELTAKARAR TIL Å SKRIVE UNDER

MØTEPROTOKOLLEN:

Bertel Meek og Arnfinn Gønneng vart samrøystes valde til å skrive under

møteprotokollen.

Sak 6: ÅRSMELDING FOR 2021:

Årsmelding vart samrøystes godkjent slik den låg føre.

Sak 7: REVIDERT REKNESKAP FOR 2021:

Rekneskapet vart samrøystes godkjent slik det låg føre.

Bokbehaldninga var også i år nedskriven med 10 %. (Jfr. Årsmøtevedtak 2014)

Sak 8: Val

Valnemnda sitt framlegg vart lagt fram av Olav Birkeland. Styret skal bestå av 5

personar. Leiar vert vald av årsmøte for 1 år om gangen. 4 styremedlemer inkl.

leiar, vert valde for 2 år. For 2021 var leiar og 2 styremedlemer på val.

Val av leiar:

Magne Naustdalslid tok attval som leiar for 2022.

Val av 3 medlemar til styret:

Britt Press Kringlen ikkje på val ( vald for 2021-2022)

Arne Friborg ikkje på val (vald for 2021-2022)

Magne Naustdalslid – ikkje på val (vald for 2021-2022)

Aase Skaaden Erdal – tok attval (vald for 2022-2023)

Arnfinn Grøneng – tok ikkje attval (valde for 2020-2021)

Atle Fimlandkom inn i staden. (vald for 2022 -2023)

Val av skriftstyre:

Skriftstyret skal bestå av 5 personar.

Bjarte Falkenstein tok attval (vald for 2022 -2023)

Magnar Falkenstein sto ikkje på val (vald for 2021 og 202 )

Kåre Hellenes tok attval ( vald for 2022-2023)

I tillegg

2 representanter frå styret i sogelaget er valde for 2 år (2022 -2023)

Val av revisor:

Arvid Savland attvald for 1 år ( for 2022)

Val av varamedlem:

Jettvar Kalland – møter fast på møte (for 2021-2022)

Leiv Sølvberg (for 2021-2022)

Val av vandrarnemd:

Mathias Hukset ikkje på val ( for 2021-2022)

Rolf Haugnes ikkje på val ( for 2021-2022)

Val av valnemd:

Olav Birkeland – (2021-2022)

Ove Storelid – (2021-2023)

Rune Veien – (2022-2024)

Valnemnda skal rullere. Det vil seie at den som pr. dato står på toppen av lista står til og med årsmøte for 2022. Det vil då bli valt ein ny representant som vil bli sett på 3. plass.

Sak 9: Arbeidet frammover

  • Stølshefta. Britt Kringlen informerte om stølshefta. Stølshefte for Furehaug, Solheim, Horstad, Reiakvam og Hove, kom i februar. No er stølsheftet for Naustdalstølen, Jonstad, Skei og Veien under arbeid. Når det er ferdig er det heftet for Helle til Russenes og Redalen til Horne vi må samle stoff til . Når dei to er ferdige har vi stølshefter for alle stølane i «gamle Naustdal kommune»
  • Logo. Naustdal Sogelag har fått løyve til å bruke kommunevåpenet til Naustdal kommune som emblem i sin logo. Tanken er å ha det på t-skjorter, pennar og koppar, slik at ein kan ha å gi ut på til dels Sanden søndag og andre tilstellingar for å reklamere litt for seg sjølv.
  • Støtte til Ukrania. Forslag frå styret om at ein burde støtte ein eller annan humanitær organisasjon med penger til Ukraina. Det vart bestemt samrøstes at Naustdal sogelag skal gje 10 000,00 til dette arbeidet.
  • Vandrarnemd. Leiar i vandrarnemda Mathias Hukset er også i pensjonistlaget. Dei skal ha ein tur til Bjordal – Ortnevik å sjå på ei stavkyrkje som Anders Brekke har laga i Ortnevik. Middag skuleulle inntakas på Stordalen fjellstove. Besøke villmarksmuseet på Masfjordneset og også besøke «Rosemannen». Det var då spørsmål om sogelaget kunne være interessert i å være med på dette. Kom innvending frå årsmøte om at dette var ein for tettpakka tur. Det vart ikkje tatt noko stilling til om sogelaget skulle være med på dette.

Sak 10. Innkomne saker

Det var ikkje kome nokon saker inn til styret.

Sak 11. Orientering om kultursatsing i Sunnfjord kommune.

Kommunalsjef for Kultur og Idrett i Sunnfjord kommune Hilde Bjørkum, orienterte om kultursatsinga i kommunen. Ho anbefalte at Naustdal sogelag burde melde seg inn i Sunnfjord kulturråd.

Ho fortalde også om ein «Friskus kalender» som ein kunne legge inn aktiviteter i . Den finn ein på https://sunnfjord.friskus.com/

************************

Britt Kringlen

Referent

______________________ ________________________

Arnfinn Grøneng Bertel Meek

Dette innlegget vart lagt inn i Sogelaget. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.