Årsmøte for 2019

NAUSTDAL SOGELAG ÅRSMØTE FOR 2019

Møtedato:                  Onsdag   17.06.2020

Møtestad:                   Kyrkjelydshuset – kafeen.

SAKLISTE:

Opning ved leiar.

Sak    1:          Orientering av Sverre Folkestad frå Landslaget for Lokalhistorie. Går ut.

Sak   2:           Godkjenning av møteinnkalling ( Lysing i Firda 18.02.2019, – påminning på facebook og plakat på kyrkjelydshuset, extra Naustdal, og heimesida til Naustdal sogelag.

Årsmøte fortsetter og vi starter med (1 minutts stillhet for dei medlemane som har falt frå sidan forrige årsmøte:  Gunnhild Haarklau Mallasvik, Erling Kleiva, Leiv Reiakvam, Harald Karlsen og Odd Liset.

                         

Sak    3:          Godkjenning av sakliste.

Sak    4:          Val av møteleiar.

Sak    5:          Val av referent.

Sak    6:          Val av 2 årsmøtedeltakarar til å skrive under møteprotokollen.

Sak    7:          Årsmelding for 2019.

Sak    8:          Revidert rekneskap for 2019.

Sak    9                       Vetektsendring           

Sak 10:            Val:

                                                                            

                        Val av leiar.

                        Val av 2 medlemer til styret.

Val av skriftstyret:

                        Val av 2 medlem

Val av revisor:

                        Val av 1 revisor.

Valnemnd:

                        Val av 1 medlemer til valnemnda.

                          Valnemnda skal veljast av årsmøtet. (Valnemnda kan kome med framlegg)

Sak    11:            Arbeid framover

  • Stølshefta
  • Innspel frå årsmøte
  • Bildesamlinga
  • Log
  • Vandring på Thingneset

Sak    11:        Innkomne saker

Kaffi med noko attåt.

Naustdal 14.03 2019              Magne Naustdalslid Leiar

NAUSTDAL SOGELAG

ÅRSMELDING FOR 2019

Styret i Naustdal Sogelag for 2019 er som fylgjer:

Styremedlemer:

Magne Naustdalslid               – leiar

Arnfinn Grøneng                   – nestleiar

Britt Kringlen                         – sekretær

Aase Skaaden Erdal               – kasserar

Ingvar Hamre                         – styremedlem

Varamedlemer:

Leiv Sølvberg                           – vara (møter fast)

Jettvar Kalland

Skriftstyre: Magnar Falkenstein, Aase Skaaden Erdal, Britt  Kringlen, Bjarte Falkenstein og Dagfrid Vesterheim

Revisor:                      Arvid Savland.

Vandrarnemnd:        Mathias Hukseth og Rolf Haugnes.

Valnemnd:                 Turid Berqvam Erdal ,Olav Birkeland og Arvid Slettehaug.

Sogelaget sin aktivitet i 2019:

Det er halde (6) styremøte og handsama (36 ) saker.

Sogehefte for 2019 blei eit  hefte på 183 sider og skriftstyret har fått mykje skryt av heftet. Tilbakemeldingane går på at det er mykje variert stoff og at vi er flinke til å dekke heile «gamle Naustdal kommune.»  Heftet kjem ut i oktober, skriftstyret gjer eit stort arbeid med dette heftet. Dei har ansvar for både det redaksjonelle og det økonomiske. Dei gjer også eit stort arbeid med å samle inn annonsar til heftet. I 2019 hadde vi 20 annonsørar som vil tilseie 20 000,00 kr. Vi har fleire kommisjonærar som er med på å spreie heftet, heftet bærer seg sjølv økonomisk.

Medlemsmøte: Styret har blitt bedt om å prøve å ha nokre medlemsmøter og vi har hatt eit kor Jens Brekke frå Vik i Sogn kom og kåserte, dette var svært vellykka.

Sandensundag : I år stilte Naustdal Sogelag opp på Sandensundag, vi hadde bildeutstilling med tema støler . Vi hadde då ei utstilling av utstyr som vart brukt på stølen.  Hadde også utstilling av gamle kjøretøy, dette er noko som trekker folk til standen. Med utgangspunkt i det som sogelaget har bidratt med til kulturminneplanen hadde vi kulturhistorisk vandring – her var det bra oppmøte.

Minnestein: Sogelaget har i samarbeid med Naustdal Mållag tatt initiativ til å få sett opp ein minnestein over Mons Litlere på Sanden . Minnesteinen vart avduka på Sanden søndag. Her stilte det opp mange etterkommarar etter Mons Litlere. Det var også representantar frå Sivlelaget på Voss. I etterkant har det kome mange lovord frå familien Litlere, dei var imponert over at vi klarte å ordne det så fort og at det vart gjort før vi vart Sunnfjord kommune.

Kulehola på «Gamlebru:» Då det var klart at «Gamlebrua» skulle opprustast, tok leiar i sogelaget kontakt med Naustdal kommune å bad om at kulehola frå krigen skulle tas vare på som eit kulturhistorisk minne.  Dette vart tatt til etterretning og kulehola vart bevart.

Stølsprosjektet: Her har det vært eit aktivt år, vi har laga 3 stølshefte som har kome ut dette året.  Det er hefte for:

  • Stølane frå Kringla til Einevollen
  • Stølshefte for Birkeland og Heien
  • Stølshefte for Herstadstølen, Kleivastølen, stølane i Hydalen og Tuftedalen

Hefta har vært godt motteke. Heftet Kringla – Einevollen hadde vi bokslepp for på Håjen. Birkeland  og Heien hadde vi bokslepp på Fimlandsbua og  for Stølshefte for Herstadstølen, Kleivastølen, stølane i Hydalen og Tuftedalen hadde vi bokslepp på Kallandsbua. Skriftstyret har fortsatt med å jobbe med stølshefte og er no ferdig med eit Kulturhistorisk hefte for Vonaområdet.  Det inneheld stølane for Berg, Svoa, Fimland, Nes, Vonastranda, Vona, hyttene og friluftsområdet. Dette heftet er no til korekturlesing. Er også godt i gang med heftet som vil innehalde Gardalen, Reinestølen, Bruflotstølen, Trodalen , Skaflestadstølen og stølane til Savland, Sunde og Slettemarka.

Bygdebøkene :Vi har ein god del bygdebøker på lager enno, men vi sel  heile tida så lageret blir litt mindre for kvart år, men det det er framleis ein god del igjen.

Bilete til Naustdal sjukeheim: Naustdal Sogelag har fått ein førespurnad frå pårørande gruppa ved sjukeheimen ved Liv Krognes, om vi kunne være behjelpeleg med å skaffe bilde som dei  kunne forstørre  og henge opp på veggen. Styret samla samen ein del bilde og ut frå dei plukka vi ut bilde som vi tenkte kunne være høveleg å bruke på aldersheimen.

Naustdalsprisen 1999: I 199 fekk Naustdal Sogelag ved Bygdeboknemda Naustdalsprisen. Styret har vært på leit etter denne prisen ganske lenge og i år har den dukka opp. Styret meiner at den ikkje bør være i ein privat heim, for leiar i sogelaget skifter med gjevne mellomrom. Styret beslutta at prisen kunne henge på lokalhistorisk rom på biblioteket. Her kan alle ha glede av den.

Økonomien er akseptabel, jfr. Rekneskapen for 2019.

Medlemstal:

Frå 20.03.2019 til 17.06 .2020 hadde laget 238 medlemmer. 17 stk. melde seg inn i perioden.  5 av laget sine medlemmer gikk bort i perioden. (Vi regner dette ut frå årsmøte dato til årsmøtedato.)

This entry was posted in Bøker og hefter. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.