Årsmelding for 2017

Styret i Naustdal Sogelag for 2017 er som fylgjer:

Styremedlemer:
Olav Birkeland – leiar
Magne Naustdalslid – nestleiar
Britt Kringlen – sekretær
Otto Eiksund – styremedlem
Aase Skaaden Erdal – kasserar
Varamedlemer:
Leiv Sølvberg – vara (møter fast)
Jetvard Kalland
Skriftstyre: Magnar Falkenstein, Aase Skaaden Erdal, Britt Kringlen, Bjarte Falkenstein og
Dagfrid Vesterheim

Revisor: Arvid Savland.
Vandrarnemnd: Mathias Hukset og Rolf Haugnes.
Valnemnd: Olav R. Fimland , Atle Kringlen og Turid Berqvam Erdal.

Sogelaget sin aktivitet i 2017:
Det er halde (4) styremøte og handsama (20) saker.
Sogehefte for 2017 blei eit hefte på 162 sider og skriftstyret har fått mykje skryt av heftet og
spesielt fordi vi har fått med ein god del stoff frå fjorden.
I år har medlemmer som ikkje bur i Naustdal måtte betale porto for å få hefte tilsendt, det har
ikkje kome nokon innvendingar på det. Portoen har blitt så kostbar at laget ikkje såg seg råd til å
sponse dette.

Sogelaget har i 2017 fått ein del forespørslar frå folk som ynskjer hjelp til å finne plasser kor
deira familie kjem i frå og informasjon om slektningar

 14/4 Kom det forespørsel frå Ronny Skånevik som yngste informasjon om sin oldefar
Johannes Andreasson Nøstdal f. 1855, han kom frå Jarane i Naustdal. (Bygdebok nr. 1,
side 803.)

 17/4 Kom det ein forespørsel frå Mary Lou Ellison, frå USA. Ho yngste opplysningar om
Ole Larsson Helle f. 1868 og Sofia Olesdotter Veien f. 1866 (Bygdebok1 side 499 og 500
og bygdebok 2 side 67.)

 19/4 Kom Mary Lou Ellison, USA kom igjen, denne gongen ville ho ha opplysninger om
Orlaug Berntsen, Johanne Fredriksdotter og Rasmus Løken. Orlaug og Johanne kom frå
Dalsfjorden, Fjaler kommune. Rasmus kom frå Olden/Loen, Stryn kommune.

 19/4 fekk vi også forespørsel frå Øyvind Kleiven i Florø. Han har slektslinjer til Naustdal.
Her var det slekt som hadde kome frå garden til Joar Solheim. Han har også slekt som
kom frå Frammarsvika, nærare bestemt tunet som Arild Vonen eige no. Det var også
slektskap i Naustdal, i Tunet. ( Her har vi avtalt å ta han med til våren og vise han rundt.)

 16/5 Kom ein forespørsel frå Jan Olav Gatland. Han luret på når skyttarlaget Einar
Tambarskjelvar vart skipa og formann. Skyttarlaget Einar Tambarskjelver vart skipa 1884,
og Mons Litlere var fyste formann. Naustdal skyttarlag vart skipa i 1889.

14-17 august kom amerikanaren Emil James Indrebo til Naustdal, han hadde slekt i Bakken. Her
laga Hallny og Hjalmar til selskap med god norsk rømmegraut og sogelaget vart invitert. Leiar
Olav Birkeland og sekretær Britt Kringlen vart invitert med og dette resulterte i eit stykke i
sogeheftet for 2017.
Sogelaget har også fortsett med visning av gamle bilete på Kyrkjelydshuset, dette må ein
vurdere om ein skal fortsette med då det til tider er veldig dårlig oppmøte.

Styresaker.

Styret har hatt føre seg ein del saker:
Jubileumsfest Midtredalen bygdekvinnelag: Her fekk styret ein forespørsel om vi kunne stille
med ei bildeutstilling. Vi fekk laga til bilder og hadde ei utstilling som omfatta Dalen, denne vart
veldig godt motteke.

Sandensundag : I år stilte Naustdal Sogelag opp på Sandensundag, vi hadde bildeutstilling med
tema landbruk . Hadde også utstilling av gamle kjøretøy, dette er noko som trekker folk til
standen. Med utgangspunkt i det som sogelaget har bidratt med til kulturminneplanen hadde vi
kulturhistorisk vandring – her var det stort oppmøte.

Kulturminneplanen: Det er i løpet av året blitt jobba med grunnlag til kulturminneplanen, dette
har vi fått betalt for gjennom middlar som kommunen har motteke frå Riksantikvaren.
Stadnamn kveld: Vi hadde stadnamnkveld på Kallansbua i samarbeid med Naustdal Mållag.
Dette var veldig vellykka vi hadde 60 oppmøte.

Naustdalsnaustet: To frå styret var på møte kor dei vart informert om Naustdalsnaustet, styret
i sogelaget er positivt til dette. Vi venter spent på kva det blir ut av dette, det har ikkje kome
meir informasjon., etter det møtet som representantane frå styre var på.

Stølsprosjektet: Stølsprosjektet er godt i gang, og ein del jobbar aktivt med stoff i dei områda, dei har fått tildelt.
Økonomien er akseptabel, jfr. Rekneskapen for 2017.

Medlemstal:
Pr. 31.12.2017 hadde laget 227 medlemmer. 4 stk. melde seg inn i 2017. 3 av laget sine
medlemmer gikk bort i 2017.

Dette innlegget vart lagt inn i Årsmøter og referat. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.