Sogeskrift for Naustdal 2014

Medlemar har no fått skriftet i postkassa. Det kan kjøpast på Biblioteket, i banken, på Coop Naustdal, Fjordbutikken på Vevring og på Kallandsbua. På biblioteket og i banken kan medlemmane få kjøpt fleire hefte til redusert pris. Årets hefte kostar kr. 195,-

Banken er ope måndag og torsdag 10 – 15. Biblioteket er ope tysdag 10-15, torsdag 14-20 og laurdag 10-14.

I banken kan alle kjøpe sogeskrift og bygdebøker til «desemberpriser».  Bygdebøkene koster kr 690 og alle 3 får du for kr. 1450. Ei fin julegåve. Eldre sogeskrift kostar kr.100 eller kr.40. Enda billegare for medlemar.

Av innhald i årets sogeskrift kan vi nemne  to artiklar om jula i gamle dagar, om trollkjerringa på Helle og utvandring til Amerika. Vidare plantefargekurs ved Naustdalsfossen. Inge Eiksund har skrevet om Songarferd til Viksdalen i 1928. Kona til Inge, Hanna var med på ferda og lever i dag. Ho er  103 år.

Vel det er over 30 artiklar. Vi kan ikkje nemne alle.

soge2014

Dette innlegget vart lagt inn i Bøker og hefter. Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Sogeskrift for Naustdal 2014

  1. Jan Herstad seier:

    I artikkelen «Der ingen kunne tru at nokon kunne bu» vert det skreve om då kona frå Skårane vart oppdaga i høystålet på Herstad. Far min, Joar Anderson fortalte om denne hendinga. Min bestefar, Anders Johannesson var det som opplevde dette. I sin ungdom hadde han vore i festeleg lag og kom heim seint eller tidleg på morgonkvisten. Han skulle då sjå til hestane i stallen og høyrde uvante lydar frå høystålet. Då han skulle sjå etter oppdaga han at gamlekona i Skårane stod og stappa høy i ein sekk. Han lurte på kva ho dreiv med. Ho svara: «å eg driv no på med mitt». Bestefar hjelpte ho å fylle sekken og bar den inn om bøagarden for ho, slik at ikkje ho Karen skulle oppdage det. For då hadde det vorte spetakkel. Karen var ei einsleg kone som tente på garden og budde i Karenstaua på Herstad. Meinar det har vore skreve om ho i eit tidlegare sogeskrift. Far min fortalte også at Karen hadde fortalt at då ho vart lita jente så gjeitte ho sauene på Herstad mot bjørn i fjellet om somrane.

  2. Slike innspel med soge frå gammal tid er kjærkomen på heimesida. Då blir det meir interesse for å lese og nytte sida. Vi får finne eit bilde som passer til historia og legge det inn i fotoalbumet. Da kan vi kopiere teksten dit. Jo da, når det gjeld ho Karen så skreiv Bergny Ullaland om ho i skriftet for 2012. Vi mangler eit bilete av Karenstova på Herstad.
    Takk Jan for den gode soga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.