Ikkje kast Filmen!

Ja tak vare på filmen. For all del ikkje kast filmen du fekk att etter kopiering av bilete. Han tek liten plass og kan koma til nytte. Ein billig skanner kan og skanne filmar. Finn du gamle filmar eller glasplater, er dei gull verd.

Dei beste bileta blir borte først, anten dei blir nytta til passbilete, eller blir sendt til slekt og venar. Eller dei blir hengt på veggen og blir øydelagd av sollyset.

Sogelaget samler inn bilete og finn ofte eksempel på det nemnt ovanfor. Her fylgjer to døme.

Bilete er falma av lyse. Fargane er tapt, men som svart kvitt bilete går det greit. Hadde vi hatt filmen kunne bilete vore redda.


Her er eksempel på at det er klypt ut deler av bilete. Da er filmen god å ha.

Dette innlegget vart lagt inn i Bøker og hefter. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.