Tilbakemeldingar sogeskrift.

Her kjem alle tilbakemeldingar vedr. sogeskrift 2011.

Hans Hvidsten seier  om Jenny Barstad:
— Jenny Maria var lege i Oslo. Cand.med 1949, spesialist i psykiatri 1963 og klinisk sosialmedisin 1964. Opplysning fra Norges leger 1996.

Inge Eiksund seier om bilete 1 side 43:
— Nokre namn er feil Rett skal være:
«Her er Nils Ullaland (i Tuna) f. 1838 med nokre born og borneborn.  Framme frå venstre Nils, Maria  Nydal,  Hanna  Nydal  Eiksund,  Maria  Ullaland  Fitje.  Bak  f. v. Anna Ullaland  Kleiva, Tomina Ullaland Birkeland og Birte Marie Ulla­land»
Skriftstyret har laga merkelapper til å lime over.  Dei får du på kommunehuset , Rolf  Haugnes, Odd Byrkjeflot 99613190 og Inge Fitje. Nye hefte har fått ny tekst.

Eldbjørg Aamot seier til Ada om bilete 2 side 71:
— Det er Elias Aamot som står utafor huset på Åmot. Ifølge NB2 s204 finn eg ein Elias Aamot f. 1872. denne Elias var ordfører i Naustdal frå 1929 – 1938.

Dette innlegget vart lagt inn i Bøker og hefter. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.