Sanden Sundag 2011

Sogelaget hadde sin faste plass denne Sundagen. Temaet var «Fjørevandring frå Ragnvalden til Meieriet» altså motsett vegvandring i forhold til tidlegare. Pga. regn og lite deltaking på vandringa vart det snakka om å  annonsere vandring ved eit seinare høve og forhåpentlig med betre vær.

Mange besøkte teltet og diskusjonen var bred. Bilete frå gamle dager var hengt opp omkring i teltet og var utgangspunkt for diskusjon om strandsonen. Eit nytt ukjend bilete var dukka opp. Sjå under her. Her kan ein sjå eit hus verte bygd. I sogehefte 2003 side 35 kan ein lese: » «Uti Tuna». Dette gardstunet til bruk nr.1  før flyttinga for 50 år sidan. Det staslege våningshuset vart oppførd i 1918 av Bendik Erdal. Sonen Eiliv flytte gardstunet til nord for heradshuset, og yngre son Harald tok over gamletunet. Han dreiv telefonsentralen og pelsdyral m.m. « Huset står uforandra den dag i dag. Eit av dei få gamle husa som er att i Naustdal sentrum.

Retting frå Helge Erdal: «Ei lita korrigering ang. våningshuset uti «Tuna». Bendik Erdal starta opp grunnarbeidet med huset rundt 1910. Han brukte nærmare 1 1/2 år på å hogge og tilpasse dei doble grunnmurane. Sjølve huset stod ferdig ca.1912.»

Bilete er eit utsnitt av eit postkort og det er Johannes Furehaug som har teke det. Altso 1918. Bilete syner at fjorden gjekk heilt inn til dette huset.

Dette innlegget vart lagt inn i 099 Sentrum. Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Sanden Sundag 2011

  1. Helge Erdal, Tuna Naustdal. seier:

    Ei lita korrigering ang. våningshuset uti «Tuna». Bendik Erdal starta opp grunnarbeidet med huset rundt 1910. Han brukte nærmare 1 1/2 år på å hogge og tilpasse dei doble grunnmurane. Sjølve huset stod ferdig ca.1912.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.