Årsmøte i Sogelaget er no soge.

  Årsmøte  på kommunehuset i Naustdal  tysdag 15. mars kl. 1930  er gjennomført og her er to bilete frå møte. Meir om årsmøte seinare..


Bilete 1
. syner matpausen. Vi kan sjå leiaren Per Storegjerde forsyne seg med kake frå matbordet. På bilete 2 under er Einar Eimhjellen i gong med å fortelje om filmen han skal syne og om besøk i Kent, USA. Der vart den engelske versjonen synt sist haust. Sigmund Svoen i bakgrunnen har ansvaret for det tekniske.
Bilete 3. Her under ser vi Harald Runde medan har framfører humoristiske eksempler frå Naustdalslitteraturen.
 

Sakliste: 

  1. Val av møteleiar.
  2. Godkjenning av årsrekneskap og balanse.
  3. Godkjenning av årsmelding.
  4. Val av styremedlemer og varamedlemer.
  5. Val av leiar for 1 år.
  6. Val av revisor.
  7. Val av skriftstyre.
  8. Val av vandrarnemnd.
  9.  Val av valnemnd.
  10. Andre saker som kan kome til.

Etter årsmøtesakene  blir det enkel servering og  program. Her nemner vi:

  1. Einar Eimhjellen viser Naustdalsfilmen. Den vart laga siste året i samband med besøk i vennskapsbyen Kent i USA.
  2. Framsyning av Naustdal Sogelag si heimeside med Fotoalbum
  3. Audsteinhuset, orientering om sogelaget  sin aktivitet om bevaring av det.
  4. Harald Runde framfører «Humor i Naustdalslitteraturen»

Alle er velkomne.

Styret.

This entry was posted in Sogelaget. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.