Årsmøtereferat for 2007

3. mars 2007.

Årsmøtet vart halde på Kommunehuset i Naustdal laurdag 3. mars 2007.

13 medlemmer møtte på årsmøtet i Naustdal Sogelag:

Sak 1.  Aud Slettehaug var invitert til å orientere om planane for ein utvandrarfestival for Naustdal/Sunnfjord i 2008.
Sogelaget, Frivillighetssentralen, Pensjonistlaget og Spelemannslaget er så langt inviterte til å vere med i prosjektet, som førebels er tidfesta til 3-11 august 2008.
Det er enno tidleg i planlegginga, men ei samarbeidsavtale er tenkt å vere klar til underteikning våren 2007. Det vil og blir utarbeidd brosjyremateriell som skal ut til målgrupper i USA. Dette vil og blir tilgjengeleg på internett – www.Sunnfjord.no og www.Fjordnorge.no. Det vil og bli arrangert ei rese til Sunnfjordstemne i Midtvesten sommaren 2007.

Etter ei interessant orientering av Aud Slettehaug, gjekk ein vidare til neste punkt på sakslista som var:

Sak 2.  Matykt. 

Deretter gjekk ein over til dei vanlege årsmøtesakene:

Sak 3.            Godkjenning av innkalling og sakliste:
Årsmøtet var kalla inn ved lysing i Firda.
Det var ingen merknad til innkalling og sakliste.

 

Sak 4.  Val av møteleiar:
Inge Fitje.

Sak 5.  To til å skrive under møteboka:
Jostein Sollid og Ola Dag Thingnes.

Sak 6.            Årsmelding:
Formann/møteleiar Inge Fitje las opp årsmeldinga.
Årsmledinga vart samrøystes godkjend.

Sak 7.            Rekneskap:
Kasserar Ingolv Reiakvam gjekk i gjennom rekneskapet.
Sogelaget håpar på å få betalt resten av gjelda i løpet av 2007.
Rekneskapet vart samrøystes godkjend.

 

Sak 8.            Arbeidsplan:
Under dette punktet vart det i hovudsak handsama to skriv som Sogelaget har motteke fra Inge Eiksund og Thor Eriksen

Inge Eiksund:
Mellomalderkyrkja i Naustdal – Mogeleg nytting av innsamla historisk stoff.
Inge gjekk i gjennom bakgrunnen for skrivet, der han bl.a. har samla og dokumentert ein del nye opplysningar som ikkje tidlegare var kjende.
Det som tidlegare er publisert er:
Tidl. Ordførar Thune som hadde ein artikkle i ”Nordre Bergenhus Amtstidende” alt før kyrkja var riven.
Kristian Ulltang hadde ein artikkel i Jul i Sunnfjord ca 1946.
Normund Svoen skreiv ei hovudoppgåve om kyrkja til avgangseksamen ved naustdal Ungdomsskule.
Det var med litt i jubileumsskriftet i høve 100-år jubileet til kyrkja
Inge Eiksund hadde ein artikkel i Jul i Sunnfjord 2000.
Eiksund vil stille sitt materiale til rådvelde for Sogelaget med tanke på evt. å gi dette ut som eit eige temahefte/sogeskrift.

Inge Fitje meinte at årsmøtet ikkje skulle binde opp skriftstyret, men at dei fekk materialet til vurdering..

Norhild Joleik som nyvald leiar i skriftsyret ville ho stå litt fritt med korleis dette stoffet skulle nyttast. Ein ide kunne vere og ta det med i heftet som skal lagast til utvandrarfestivalen.
Harald Runde meinte og at det var feil av åørsmøtet å legge for sterke føringar på skriftstyret.
Bertel Meek gav Eiksund stor honnør for å ha teke vare på dette stoffet. Men peika på at den framtidige plasse for dette måtte vere Fylkesarkivet. Han støtta tanken om å ta dette med i utvandrarheftet.

Konklusjonen vart at Eiksund leverer stoffet til skriftsyret for vurdering.

Thor Eriksen:

Registrering av Bergensborn i Naustdal under krigen.
Eriksen ber Sogelaget ta dette opp som tema.
Han har undersøkt om det kunne finnast eit register over borna som var sendt til Naustdal under krigen, men har ikkje klart å finne noko.

Han er særleg interessert i å få oversikt over dei gardane som tok imot born.
Inge Fitje hadde vore i kontakt med Fylkesarkivet, som ikkje visste om de hadde noko om dette. Dei hadde lovd å komme med tilbakemelding.
Harald Runde meinte ein kunne prøve å kontakte Byarkivet i Bergen for å sjå om det var mogeleg å komme i kontakt med nokon organisasjon el. Som hadde med fordelinga til gardane å gjere.
Ellers foreslo han at skriftstyret kunne oppfordre Eriksen å skrive ned si eiga historie

 

Sak 9.            Medlemskontingent og økonomi:
Styret hadde god erfaring med praksisen frå i fjor, der kontingenten vart innkrevd straks etter årsmøtet, og dei som hadde betalt til hausten fekk tilsendt sogeskriftet. Styret foreslo vidare at kontingenten vert uendra kr. 150.

Dette vart samrøystes vedteke.
 

 

 


Laget har no over 30.000 på konto, og vel 60.000 i gjeld, og vi har godt håp om å vere gjeldfri i løpet av 2007.
Olav Stendal meinte at styret burde forhandle med banken om å få sletta gjelda. Banken har tent gode pengar på Bygdebokprosjektet vårt.
Halldor Herstad understreka at vi må selje meir bøker.
Jostein Sollid meinte det kunne vere ein ide å få aktivert grendakontaktar igjen, og med tanke på å selje bøker.

Sak 10. Val:
Valet vart leia av Ola Dag Thingnes.

Etter forslag frå valnemnda vart desse valde med akklamasjon:
Leiar:             Inge Fitje                Attval. Vald for eit år..

 

 
Styrelemer:            Bertel Meek
Bjarne Øyra               AttvalValde for to år..
Ingolv Reiakvam og Norhild Joleik har eit år igjen.

 

 
Varalemer:            Orlaug Hove
Jakob Thingnes            AttvalValde for eit år..

 

 

Skriftstyre:            Norhild Joleik Leiar. Ny. Vald for eit år.
Arthur Søgnen            Attval. Vald for to år.
Thorleif Førland har eit år igjen.

Revisor:            Haldor Herstad            Attval. Vald for eit år.

Vandrarnemnd:
                        Arthur Søgnen             Attval Vald for tre år.
Jostein Sollid               Har 1 år igjen.
Arvid Slettehaug             Har 2 år igjen.

Valnemnd:            Sissel Grimseth             Ny. Vald for tre år.
Målfrid Haugsbakk            Har 1 år igjen.
Jostein Sollid               Har 2 år igjen.
Målfrid Haugsbakk kallar nemnda saman.

Den nye leiaren i skriftstyret Norhild Joleik overrekte blomar til Harald Runde som no takkar av som formann i skriftstyret etter 14 år med samvitsfullt dugnadsarbeid.

Naustdal, 3. mars 2007.

——————–                              ——————–                              ——————–

Bjarne Øyra (sign)                           Jostein Sollid (sign)                  Ola Dag Thingnes (sign)

Skrivar.

This entry was posted in Årsmøter og referat. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.