Svorstøl 28 Mai 1917 a

Personane er fr.v.:Anna Maria er Nils Sæle si kone, f. på Nes brn 1. Nr 3 er Jenny Barstad f. Sæle, gift med Johannes Barstad. Dei er tvillingane Jenny og Johanna sine foreldre. Dama til høgre er ukjend, men er truleg ein nær slektning, for ho er i lag med familien på bilete elles i mange samanhengar både på Nordbakke og andre stader. Denne familien er hovudpersonane i Barstad-albumet.

Eg legg ut dei fleste bileta frå Nordbakke som er gard 4 på Svorstølen. Kvaliteten er ikkje så god men det er best å sjå alle samla. Svorstølen ligg inst i Naustedalen med noke høgde over havet og mykje snø om vinteren.

Det spesielle med Johanna Barstad fotoalbum er at det er mest daglege bilete. Ikkje oppstilte personar. Da kan ein studera bileta og tenke seg tilbake på den tida. Eit bilete syner øyeblikket i gamal tid. Slik såg naturen ut og slik var folket kledd.

gnr.126.4, Foto/Kilde: Sigmund Svoen og Johanne Barstad album, År: 1919,  *2626

2 svar til Svorstøl 28 Mai 1917 a

  1. Sigmund Svoen seier:

    Personane er fr.v.:Anna Maria er Nils Sæle si kone, f. på Nes brn 1. Nr 3 er Jenny Barstad f. Sæle, gift med Johannes Barstad. Dei er tvillingane Jenny og Johanna sine foreldre. Dama til høgre er ukjend, men er truleg ein nær slektning, for ho er i lag med familien på bilete elles i mange samanhengar både på Nordbakke og andre stader. Denne familien er hovudpersonane i Barstad-albumet.

  2. Odd Byrkjeflot seier:

    Som du kan sjå Sigmund har eg kopiert inn dine opplysninger under bilete. Innspelet vert ståande ei tid framover.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.