Påskehelg i Passvikdalen 1952

Fleire Naustedøler var i militæret dette året og i påskehelga blei det søkt om løyve til ein frivillig telttur. Turen vart invilga og karane drog på påskeferie ein stad i Passvikdalen. På bilete ser vi frå venstre: Audstein Erdal, ein Mjåset frå Osterøy og Erling Einevoll. Ein kan undre seg kva som freista dei til denne turen

År: 1952 påske, info: Inge Fitje, Foto: Ukjend,  *1902

Eitt svar til Påskehelg i Passvikdalen 1952

  1. Inge Fitje seier:

    Vi var åtte mann frå Naustdal som tenestgjorde ved Garnisonen i Sør-Varanger 1951-52. GSV 7, så vidt eg minnast. Det var, for å take til høgst til fjells. Leiv Bruflot, Inge Arne Fitje, Steinar Lunden, Erik Horstad, Norolv Aase, Audstein Erdal, Magnus Frammarsvik og Erling Einevoll. fem av oss var lei av leirlivet og vaktenesta ved Høybuktmoen så vi søkte om permisjon for å hygge oss med teltliv i påska 1952. Vi var alle frå same lag, 3dje lag andre tropp. Det var Audstei Erdal, Erling Einevoll, Inge Arne Fitje, Magnus Frammarsvik og Njåstad frå Osterøy. Vi fekk permisjon og vi fekk også med telt primus med olje og den maten som vi ellers hadde fortært på Høybuktmoen. Vi fylgde med i bilen som køyrde til Gjøkåsen med vaktskifte der. Vi slo leir like ved ein småbonde i nærheita av Gjøkåsen, med kone, reinsdyr og 2 døtre. Vi vart godt kjende med den familien og vi fekk etterkvart følelse av å vere medlemar i familien. Jentene prøvde å lære oss å køyre med reinsdyr. Det er litt onnorleis enn å køyre med hest På bilete er Audstein Erdal, Njåstad og Erling Einevoll. Vi var heldige og hadde pent ver heile helga. Det var ei gild påskehelg med fleire opplevingar enn om vi hadde vore i kaserna på Høybuktmoen. Diverre har eg gløymt kva familien heitte og ingen kan hjelpe meg med det no.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.