Meieriet frå sjøen

Her går sjøen heilt inn til meieriet. Er det nokon som kan tidfeste bilete. Bilettekst er: Med robåt frå Øyra til Naustdal Meieri.

gnr.99, Sentrum, Eigar: Bjørn Glistrup, År:     ,  * 2118

Eitt svar til Meieriet frå sjøen

  1. Bjarne Erdal seier:

    Husa til vensre på bilete er lager og gamlehuset til Eivind Sølvberg,desse vart rivne i 1975. Stort kvitt hus er Naustdal Meieri Bak til høgre huset til Nils Haugland, no Rolf Haugland. Hus med flatt tak er lager til meieriet. Opp under skogen huset til Olav og Alfred Haugland.Trappa midt på bilete er Metrappa, poppulær badeplass for ungane i sentrum. 1970-72 vart område rundt Øyra-Meieriet-Metrappa-Løkjen fylt opp med sand. Bilete er frå 1960-65.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.