Ullaland flyfoto

Bilete er teke frå Åmotkanten og mot Ullaland. Heilt bak kan vi skimte fjell med snø. Sandfjellet.

 

gnr.113 , Stad: Ullaland, Info og eigar: Jens Vestrheim,  Fotograf: ?,  År: 1960-90 ,      *jeve187

2 svar til Ullaland flyfoto

  1. Jens Vestrheim seier:

    Indre Ullaland, gr.nr 113.
    Bruket til h. er br.nr. 5 Midttunet. Midt i bilete er br.nr. 3 Øvstegarden.
    Bak der ser vi bustadhuset til br.nr.4 Nestetunet. Løa litt til høgre for vegen.
    Bak, (på andre sida av Nausta) ser vi Kalland, med Reiea, br.nr 5. til h. og til v. ser vi
    br.nr 3 Kallandshogen ,br.nr 1 Midttunet, og brnr. 2 I Tuna på Kalland.
    Kallandsåsen i bakgrunnen.
    Vegen er seinare lagd om og går omlag i grensa mellom Midttunet og Øvstegarden, då vart ein fri den kneiken som kalltest Lisjebrekka (bakken der bilen står på bilete).

  2. Takk Jens for mange innspel med mykje god informasjon. Eg let dei stå intill vidare og flytter opp etter kvart. Håper andre kan skrive også fordi vi treng opplysninger som fort kan hamne i gløymeboka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.