Passfoto frå Savland

Bak bilete står Firda nov 97. Siterer frå Firda:

«Den som har tenkt seg på reis utanlands (ut om sona for passfridom), lyt ordne seg med pass. Men under siste krig risikerte folk å bli kravde for pass og identitetspapir nær over alt. Johannes Furehaug var fotograf i Naustdal og hjelpte folk med passbilete. Det hende han fotograferte heile grupper som her, og laga passbilete enkeltvis etterpå.

Framme frå venstre:
Juditta Savland, Johanne Skaflestad, Martea, Laura og Jenny Savland. Dei fire karane bak heiter alle Savland til etternamn, f.v. Karl, Anfinn, Olav og Gunnar»

Den yngste kan være Jenny f.1924  Dersom ho er 26 år er bilete frå 1950

bnr.117.2, Info: Firda, Eigar: Alv Savland, Foto: ? , År: kring 1950,  *B235

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.