Medlemsmøte i sogelaget 2007

Det var først styremøte i sogelaget på Håjen kafe 27. oktober 2007. Etterpå var det medlemsmøte, Fotografiet er frå medlemsmøte. Her er siste sak:

Oppfylgjing av Sak 23.07     Medlemsmøte.

Etter styremøtet var det medlemsmøte på Håjen kafe Forutan styret møtte om lag 10 medlemmer. Aud Slettehaug orienterte om arbeidet med Utvandrarfestivalen 2008. Kjell Klopstad orienterte om sine tankar om eit bygdetun i Naustdal. Bjarne Øyra synte fram lysbildeserien med gamle Naustdalsbilder, noko som hadde ”regna vekk” på Kjartan-festivalen og Sanden-søndag. Sigmund Svoen orienterte om arbeidet med oversikt over dei som utvandra frå Naustdal. Dette teiknar til å bli eit godt resultat.

Trass i forholdsvis dårleg frammøte, var det eit svært interessant medlemsmøte, og med gode tema burde vi kanskje prøve igjen.     Bjarne Øyra (Skrivar).

 fv. Kjell Klopstad, Sigmund Svoen,    , Sissel Grimset, osb. Meir opplysningar etter kvart.,  *5002

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.