Gravferd til Ole Martinus Steffensen Helgaas i 1906

Bilete er teke på fjellgarden Helgås i August 1906. Ole Marinus vart 101 år. Garden var utan køyreveg fram til 1965 då byggefeltet vart påbegynnt. Presten Martin Solberg (i andre rekka bak kista) og fru Marta Solberg (i lys kåpe) måtte gå 5 km i ulendt terreng for å kome til gards. Mange likkister har vore førd på slede til kyrkja nede ved fjorden både vinter og summarstid seinare enn 1906. Skilnaden på bilete frå seinare år syner at det vart skikk å pynte kista med blomar før dei køyrde heimefrå.

Sjå innspel frå Gunnar Helgaas under..

Utsnitt frå bilete

gnr.151.1, År: August 1906, Eigar og info: NFS,   Foto: Ukjend            *3829

2 svar til Gravferd til Ole Martinus Steffensen Helgaas i 1906

  1. Cheryl Helgaas Wang seier:

    Any one in Norway no of any Helgas relatives left?

  2. Gunnar Helgås seier:

    Feil! Namn på gravferd er Ole Martinus Steffensen Helgaas f.1805,
    gbr. og postberar Naustdal/Førde vart 101år gamal.
    Dotterson Ole Nikolai (Ola) Rognaldson Helgaas f.1882 er køyrar.
    Til høgre for han: hans mor Karoline(jordjente)f.1851 gift med
    Rognald(står bak 2 gutar bak køyrar) f.1856 Ytredale.
    Frå garden Ytre Dale Gbnr. 50/1 no Høyanger.
    Bror til køyrar Olai Helgaas står bak han.
    Feil! :»Garden var utan køyreveg fram til 1965 då byggefeltet vart påbegynnt.»
    Det rette er at veg var det laga fram til ca. skytebane i topp av byggjefeltet i 1969.
    I 1975 vart det laga veg frå Kleivane, krysset Helgås/Kletten, og til tunet på Helgås.
    Det var Jostein Joleik som bygde vegen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.