A. M. Erdal sitt hus

Nett ved idrettsplassen i Naustdal står dette huset. A. M. Erdal eigde Melkevika bnr.5 men fekk bygd dette huset og flytta hit i 1906/8. Anders Martinus Erdal var lærar, klokkar, ordførar osb. (Les i bygdeboka 1 side 768 og 788)
I 1936 tok sonen Oddgeir over bruket og det er truleg familien hans som er på biletet. Mellom dei to husa skimter vi gamlebrua i Naustdal. Oddgeir tok landbrukshøgskulen på Ås og arbeidde i Naustdal som jordstyreformann, likningssekretær, heradskasserar. Han blei vald til ordfører i Naustdal i 1938, men tok stillingen som takstinspektør i Hypotekbanken i Bergen. Han pendla då mellom Naustdal og Bergen

Oddgeir gifta seg med Sigrid Sagevik som var jordmor i Naustdal i mange år.

gnr.99.24 Bøen,  Eigar: Hallstein Erdal, År: ? ,   *2946

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.