Samson på Svoa 1918

Her ser vi frå v. Samson og Hele Johanne Svoen.

Biletet er teke nedanfor huset på Svoa slik det var på den tid. Bygd av Samson sjølv med tømmer frå Gjengedalen køyrd på vinterføre over Gjengedalsstølen. Gjengedølingane skaffa tømmeret opp til skaret på dugnad. Heimkøyring var og dugnad frå grendefolk og slektningar.

gnr.122, Kilde: Johanne Barstad album og Sigmund Svoen,  År:1918 ,  Foto: Barstad familie, *2641

Eitt svar til Samson på Svoa 1918

  1. Sigmund Svoen seier:

    Kvinna i bakgrunnen er truleg Anna Espeland som tente på Svoa samtidig som ho var meierske der og tok mot smør frå gardane i grenda.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.