Årsmelding 2014

Styret i Naustdal Sogelag for 2014  er som fylgjer: 

Styremedlemer:

Olav Birkeland                                   – leiar

Magne Naustdalslid               – nestleiar

Atle Kringlen                          – styremedlem

Otto Eiksund                           – styremedlem

Aase Skaaden Erdal               – kasserar

Varamedlemer:

Britt Kringlen                         – sekretær (møter fast)

Anna Sæle

 

Skriftstyre:                 Hallstein Erdal, Odd Byrkjeflot og  Ruth Gjelsvik.

Revisor:                      Halldor Herstad og Arvid Savland.

Vandrarnemnd:        Mathias Hukseth og Rolf Haugnes.

Valnemnd:                 Aud Jonstad Baardsen, Rolf Haugnes og Olav Fimland.      

 

Sogelaget sin aktivitet i 2014:

Det er halde 8 styremøte og handsama 28 saker.

 

Nokre av bygdebøkene som låg  på lager innehelt ein del feil og kunne difor ikkje seljast. Desse ukurante bøkene måtte difor takast ut.  På årsmøte for 2013 vart denne saka teke opp. Leiv Sølvberg, Britt Kringlen og Harald Runde tilbaud seg å ta på seg denne oppgåva.  Arbeidet vart  utført i slutten av mars.

 

I midten av april fekk Sogelaget ein førespurnad frå Sverre Omang i Oslo om hjelp til å oppspore etterkomarar etter Johannes Muledal Helgaas og foreldra hans. Desse utvandra til Amerika i 1893.  Bjarne Erdal tok på seg oppgåva. Det vart mykje arbeid men ein kom i land til slutt. Odd Byrkjeflot hjelpte til med diverse bilete.

I slutten av april fekk Sogelaget førespurnad frå ordføraren i Naustdal om dei kunne bidra med eit innslag på kommunestyremøte 8. mai. Dei skulle ha ei markering på frigjeringsdagen der både barn, unge og eldre deltok. Dei takka ja, og Sigmund Svoen og Bjarne Erdal laga til eit opplegg der dei viste bilete og fortalde historier, både alvorlege og morosame frå Naustdal i krigsåra 1940 – 1945.  Mykje av stoffet var ukjent  for dei aller fleste som var tilstades. Ordføraren takka og  sa at dette var spennande og veldig interessant. Fleire burde fått sett dette innslaget. Kanskje ein burde ta det oppatt ved eit seinare høve.

Fotoarkivar Elin Østvik ved Fylkesarkivet var på vitjing i siste halvdel av mai. Ho informerte litt om fylkesarkivet og ga oss råd og tips om skanning/av fotografering av bilete. Det var viktig å bevare historiske foto frå Sogn og Fjordane og dokumentere historia til fotografane og fotografiet. Det var viktig å inngå ei skriftleg avtale om bruk av bileta. Når sogelaget får bilete til skanning må gjevar av bileta skrive under ei avtale der Sogelaget får løyve til å bruke bileta.

Midt i juni fekk sogelaget vitjing av 2 norskamerikanarar. Desse var etterkomarar av Johannes Muledal Helgaas. Bjarne Erdal hadde tidlegare spora opp plassen Johannes var fødd og budde dei første barneåra, Hjellelia på Naustdalskletten. Også plassen der Pernille, mor til Johannes kom frå, Muledal på sørsida av Førdefjorden hadde ein spora opp. Amerikanarane vart køyrde rundt i Naustdal til dei stadane der bestefar og oldeforeldre hadde budd.  Dei vart også køyrde til Muledalen der det var samla etterkomarar etter Pernille.  (Dette er skreve om i sogeskriftet for 2014).

 

På Sandensøndag i slutten av august har Sogelaget kvart år hatt historiske innslag som t.d. Fjørevandring, Bruvandring og i år Historisk kyrkjevandring. Under kyrkjegolvet fins det kalkrestar på stein frå gamlekyrkja, brukt i fundament for golv og støttepillarar. Omlag 50 personar var nyfikne korleis det såg ut under kyrkjegolvet. Magne Naustdalslid og Mathias Hukseth frå sogelaget viste rundt.

Kvar torsdag frå  midt i september til midt i april er 2 personar frå sogelaget tilstades på Kyrkjelydshuset for å samle inn bilde og vise gamle bilde.

Prosjektgruppe for Kommunedelplan for kulturminne.                                                                 Olav Birkeland er vald som Sogelaget sin representant gruppa.

På styremøte i  Naustdal Sogelag 13. nov. 2014 vart det vedteke at sogeskriftet for 2015 skal vere eit jubileumsskrift. Naustdal Sogelag fyller då 25 år. Ein tenkjer seg å utvide sidetalet med ca. 20 – 30 sider.

Økonomien er akseptabel, jfr. Rekneskapen for 2014. 

Medlemstal:

Pr. 31.12.2014 hadde laget 210 medlemer. 11 stk. melde seg inn i 2014. 

 

Leiar si oppsummering av 2014.

På årsmøtet for 2013 vart eg vald som leiar i Naustdal Sogelag. Eg tok på meg dette vervet på grunn av at eg alltid har hatt interesse for kulturhistorie, kanskje meir enn normalt.

Samarbeidet i styret har fungert svært godt. Vi har hatt mange spennande saker som vi prøver å løyse på best muleg måte.  Av og til må vi ha hjelp frå engasjerte medlemer og andre, og det er eg takksam for.

Sogeskriftet for 2014:  Vi har fått mange gode tilbakemeldingar, og det er nesten utselt.    Det er alvorleg mykje arbeid som ligg bak for å få til eit slikt produkt. Eg vil takke skriftstyret for det arbeidet dei har gjort.  Takk også til dei som har sendt inn stoff til sogeskriftet.

Tidene endrar seg og sogelaget må kanskje fornye seg litt. Det er mange unge som er interesserte og ein må difor legge til rette for at også dei vert høyrt og sett.

Når det gjeld innsamla bilde må ein ta eit krafttak for å få på plass opplysningane om bilda. Dette er svært viktig. Arbeidet er tidkrevjande og det vil ta si tid før vi har dette på plass.

Det er svært gledeleg å sjå laget har fått 11 nye medlemer i 2014.  Det er gjort ein god jobb på dette området.

Vi har også mist eit medlem i 2014,  Halldor Herstad. Han var ein trufast medlem, og var laget sin revisor i mange år.

Så vil eg takke alle for eit godt samarbeid i året som har gått.

Naustdal  25. 02. 2015

Olav Birkeland  (leiar)