Årsmelding 2018

Styret i Naustdal Sogelag for 2018 er som fylgjer:

Styremedlemer:

Magne Naustdalslid              – leiar

Otto Eiksund                          – nestleiar

Britt Kringlen                         – sekretær

Arnfinn Grøneng                   – styremedlem

Aase Skaaden Erdal               – kasserar

Varamedlemer:

Leiv Sølvberg                           – vara (møter fast)

Jettvar Kalland

Skriftstyre:Magnar Falkenstein, Aase Skaaden Erdal, Britt  Kringlen, Bjarte Falkenstein og Dagfrid Vesterheim

Revisor:                      Arvid Savland.

Vandrarnemnd:         Mathias Hukseth og Rolf Haugnes.

Valnemnd:                 Atle Kringlen ,TuridBerqvam Erdalog Olav Birkeland.       

Sogelaget sin aktivitet i 2018:

Det er halde (7) styremøte og handsama (34) saker.

Sogehefte for 2018 blei eit  hefte på 175 sider og skriftstyret har fått mykje skryt av heftet. Tilbakemeldingane går på at det er mykje variert stoff.

Sogelaget har i 2018 fått ein del forespørslar frå folk som ynskjer hjelp til å finne plasser kor deira familie kjem i frå og informasjon om slektningar. Her har vi hjelpt til så langt det er mogeleg.

Medlemsmøte: Styret har blitt bedt om å prøve å ha nokre medlemsmøter og vi har hatt eit om stølar og stølsprosjektet

Sandensundag: I år stilte Naustdal Sogelag opp på Sandensundag, vi hadde bildeutstilling med tema sentrums områder . Hadde også utstilling av gamle kjøretøy, dette er noko som trekker folk til standen. Med utgangspunkt i det som sogelaget har bidratt med til kulturminneplanen hadde vi kulturhistorisk vandring – her var det stort oppmøte.

Gåver:Naustdal sogelag har i året som er gått gitt følgjande gåver.

  • Eit sett bygdebøker til kyrkjelydshuset
  • Sogehefter til Naustdal sjukeheim
  • Band 3 + nokre sogehefte til Dagsturhytta

Minnestein:Sogelaget har i samarbeid med Naustdal Mållag tatt initiativ til å få sett opp ein minnestein over Mons Littlere på Sanden .

Mons Litlere:Hadde ein kveld med Jan Olav Gatland, kor han snakka om boka si «Ein driftig djevel i Bergen». Dette var eit samarbeid mellom Naustdal Sogelag, Naustdal bibliotek og Naustdal mållag. Stort oppmøte ca 65 personar.

Stølsprosjektet:Skriftstyret fekk førespurnad frå Fimlandsbua om vi kunne kome å informera om stølsprosjektet.  Britt Kringlen og Aase Skaaden Erdal  var der ein kveld, det kom rundt 30 personar for å få informasjon.

Fauskesamlinga:Fylkesarkivet driver å digitaliserer bilda etter Olai Fauske. I regi av Naustdal Sogelag har Bjarne Erdal hjelpt til med å sette namn på personar på rundt 350 bilde. Fylkesarkivet har vært svært takknemleg for hjelpa.

Bildeframsyning:No er bildeframsyninga kome i gang igjen, det er Odd Byrkjeflot og Jens Vesterheimsom står for den.

Økonomien er akseptabel, jfr. Rekneskapen for 2017.

Medlemstal:

Frå01.01.2018 til 20.03.2019 hadde laget 228medlemmer. 12  stk. melde seg inn i perioden.  11av laget sine medlemmer gikk bort i perioden.

Dette innlegget vart lagt inn i Årsmøter og referat. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.