Årsmelding for 2016

Styret i Naustdal Sogelag for 2016:

Styremedlemer:

Olav Birkeland                       –  leiar
Magne Naustdalslid              – nestleiar
Britt Kringlen                         – sekretær
Aase Skaaden Erdal               – kasserar
Otto Eiksund                           – styremedlem

Varamedlemer:
Leiv Sølvberg                         – 1. vara (møter fast)
Jetvard Kalland                      – 2. vara

Andre nemnder:
Skriftstyret:                          Jostein Sollid, Aase Skaaden Erdal, Britt Kringlen,
Bjarte Falkenstein og Dagfrid Vestrheim.
Revisor:                                   Arvid Savland
Vandrarnemnd:                    Mathias Hukseth og Rolf Haugnes
Valnemnd:                             Olav R. Fimland og Rune Apneseth

 

Sogelaget sin aktivitet i 2016:

Det er halde 8 styremøter og handsama 33 saker.
Nokre av dei handsama styresakene i 2016 har vore arbeidskrevjande.

Gamle stadnamn:

 Dette er ei av sakene styret har jobba mykje med.
I 2014 vart det lagt ut reguleringsplan for området ovanfor Naustdalstunet – Bakstudalen.

I plandokumenta er området kalla Bakstedalen.  Sogelaget gjorde ein del undersøkingar mellom anna med Kartverket. Dei kunne bekrefte at namnet Bakstudalen var godkjent av Kartverket  og at det har vore nytta av Jordskifteretten og på skøyte til noverande grunneigar. Skrivemåten har vore slik  heilt attende på 1800-talet. Naustdal Sogelag påpeika dette i brev til kommunen, også at  Naustdal kommune hadde som tradisjon å nytte gamle stadnamn i alle bustadfelt sidan  midt på 1960-talet.

I brev datert 31.01.2017 til kommunen: ”Naustdal Sogelag forventar at for framtida, når det vert aktivitet knytta til det regulerte området, at namnet Bakstudalen vert nytta både på kart og i kommunale dokument”.

 Naustdal Sogelag har fått tilbakemelding om at saka  inntil vidare er lagd  på is.

Bærelvbrua:

Dette er og ei sak det har vore mykje arbeid med.
Arealet på vestsida av Bærelvbrua er regulert til bustadbygging. Utbyggar ynskjer maksimal utnytting av arealet.

Bærelvbrua vart bygd i 1913 og er eit unikt kulturminne. Sogelaget v/Leiv Sølvberg og Rolf Haugnes engasjerte seg og fekk til ei synfaring saman med kommunen v/ teknisk sjef  m.fl.  Kommunen hadde ved eit tidlegare høve delvis tetta igjen flaumløpa på begge sider av brua. Sogelaget  sende ut brev til ymse etatar og andre involverte der ein bad om at ein engasjerte seg. Fylkeskulturavdelinga ved Birgit Tansøy kom då på bana og ikkje lenge etter vart det  føreteke ei utgraving i området rundt elva. Her fann dei eit automatisk verna kulturminne.  Sogelaget vart i denne samanheng innkalla til eit møte med kommunen, utbyggar og ein grunneigar. Frå Sogelaget møtte Aase Skaaden Erdal, Magne Naustdalslid, Leiv Sølvberg og Britt Kringlen.  Med på møtet var også Birgit Tansøy frå Fylkeskulturavdelinga.

Siste ord i denne saka er vel ikkje sagt.  Naustdal Sogelag har gitt innspel på dette, slik at kommunen er klar over at vi følgjer med i det som skjer.

Kulturminneplan:

Naustdal kommune er kome godt i gang med arbeidet med ein lokal kulturminneplan. Det har vore eit samarbeid mellom kommunen, lag og foreiningar. I Naustdal er det lagt vekt på kulturminneløyper, og løypene er:

* Rundt Naustdal
* Vevring
* Lonebrua  –  Grimsetstølen
* Instedalen
* Russenes

Løypa rundt Naustdal er Sogelaget sitt bidrag til planen. Vi tok utgangspunkt i Bertel Meek si kulturminnevandring frå 5/6 i 2004.  Ein del av bileta som er brukt i planen er teke av Bertel Meek. Vi har så laga eit dokument på 61 sider der vi har prøvd å få med det meste av kulturminna i dette området. Dette arbeidet får laget godtgjersle for.

I Vevring fekk kommunen ikkje nokon til å ta jobben, så Naustdal Sogelag tok på seg oppdraget, med god hjelp av Hanna Thingnes. Her vart det eit dokument på 27 sider. Sogelaget får også godtgjersle for dette.

Lonebrua  –  Grimsetstølen.  Her har Jostein Sollid laga eit dokument på 22 sider.

Instedalen.  Løypa i Instedalen er det Instedalen grendalag som har bidrege med. Dette dokumentet er på 4 sider.

Russenes  er sjølve området i friluftsområdet. Her er det å få rydda dei eksisterande stiane i området. Dette er Helle grendalag sitt prosjekt.

Adresseprosjekt: 

Naustdal Sogelag har blitt spurde om å kome med innspel når det gjeld vegnamn i kommunen.  Vi vart innkalla til møte med teknisk etat og Magne Naustdalslid og Aase Skaaden Erdal møtte frå styret.

Elles har Sogelaget vore opptekne av ein del ”hjelpetiltak”. I løpet av året har sogelaget blitt kontakta av 8 – 10 personar frå heile Sør Norge og jamvel frå USA.  Mange av desse leiter etter slekt og kvar dei har budd i kommunen. Alle desse personane fekk hjelp og dei var svært takksame.

Vi hjelpte mellom anna ein Helge Haugen som skulle gje ut eit hefte om familie sin. Det viste seg at bestemor hans, Marta Ljøsne frå Lærdal, var den første jordmora i Vevring kommune. Vi fann også bilete av ho då ho gjekk på jordmorskule.  Det  synte seg at dotter til Marta, Signe, også vart jordmor i Vevring. Ho vart gift med Audun Hegrenes, tidlegare ordførar i Vevring, og dei busette seg på Hegreneset.  Helge Haugen var heilt overvelda over alt vi hadde funne. Som takk for hjelpa fekk vi tilsendt det ferdige heftet. Han har i tillegg  skrive eit stykke om bestemora som skal inn i sogeskriftet for 2017.

*********************

Sogeskriftet for 2016 vart eit fyldig hefte på 231 sider.  Skriftstyret har fått mykje skryt av heftet og spesielt fordi vi har fått med ein god del stoff frå ytre deler av kommunen.  Folk i Vevring har tydeleg sett pris på dette for vi har aldri selt så mange hefter i Vevring før.

Mange av medlemane som får tilsendt heftet har ved betaling skrive i meldingsfeltet

”Takk for eit fantastisk hefte”.

I år har medlemer som ikkje bur i Naustdal måtte betale porto for å få heftet tilsendt, og det har ikkje kome noko innvendingar på dette. Porto har blitt så kostbart at laget ikkje såg seg råd til å sponse dette lenger.

Sogelaget har no byrja å sende bilete til Sogn og Fjordane fylkesarkiv, etter at laget gjekk inn i ei avtale med desse i 2015.  Bildearkivar Elin Østevik, var her i haust og held kurs for sogelaget om korleis vi legg inn teksten til bileta vi har sendt inn. Det har blitt gjort litt lite på den fronten, då sogelaget har  hatt ein del andre ting å jobbe med. Vi tek opp igjen dette til hausten 2017.

Styret i Naustdal Sogelag bestemte seg for at laget i 2016 ikkje skulle vere med på Sanden-søndag. Dette fordi det i 2015 vart veldig mykje arbeid både før og etter. Styret hadde så mange andre ting å jobbe med at det vart for mykje. Det var greitt med eit ”friår”, men styret er innstilte på å vere med igjen i 2017.

Økonomien er akseptabel, jfr. Rekneskapen for 2016.

Medlemstal:
Pr. 31.12.2016  hadde laget 225 medlemmer.

I 2016 gjekk 3 av våre medlemmer bort, Magne Sæterlid, Leidulv Vonen og Magnus Grimset.

Magne Sæterlid  satt i styret i sogelaget i mange år. Han var svært interessert i kulturhistorie frå Naustdal og han bidrog med mange stykke i sogeskriftet gjennom fleire år.

Fred over deira minne.

Dette innlegget vart lagt inn i Bøker og hefter. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.