Gamle bilete på storskjerm tek pause

Vi har teke pause på Kyrkjelydhuset og kjem att i september. Gruppa består av Odd Byrkjeflot, Bjarne Erdal og Hallstein Erdal og vi tek imot bilete til kopiering i sumar også. Det er berre å kontakte oss.obG_6079_prv

Vi takker for godt oppmøte. Ei mengde bilete har fått verdifulle opplysninger. Naustdal Sogelag har kjøpt inn harddisk og heile samlinga er bevart der. Som nemnt  samarbeider vi med Fylkesarkivet og  dei får verdifulle bilete i samlina si. Nokre av desse bileta blir med tiden søkbare.

Gruppa har eit stort arbeide foran seg med å systematisere bileta. Ukjende bilete blir gradvis lagt ut på fotoalbumet vårt på heimesida. Her skriv du » *ukjend » i søkeruta. Ta med stjerna foran ordet «ukjend» for å få fram berre ukjende.

Styret i Sogelaget har laga eigne retningslinjer for biletsamlinga. Dessutan er det offentlege regler for kva som kan publiserast.  Fylkesarkivet følger strengt desse reglane og legger ikkje ut nyare bilete. Fotoalbumet på sogelaget si heimeside kan være litt meir dristig, men er meget klar over ansvaret vi har kring bileta.

Dei som har levert bileta blir med tida oppsøkt og forespurt om å skrive under på ei fullmakt som er utarbeidd i samarbeid med fylket.

Spørsmål kring biletsamlinga, Odd Byrkjeflot tlf: 99613190 eller post@naustdalsogelag.no

 

Dette innlegget vart lagt inn i Sogelaget med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.