Sanden Søndag 2014

Da er Sanden-Søndag over og det er berre å pakke teltet saman og sjå tilbake på ein vellukka dag. Veret var på vår side med regn under opprigging, medan sola tittet fram under arrangementet. Mållaget og Sogelaget hadde stand saman noko som medførte enda meir besøk. Vandringa under kyrkjegolvet kl 15 hadde stor oppslutning. Her er nokre bildar frå dagen:

Biletet under syner Jostein Sollid tv. saman med Matias Hukset diskutere opplegget for dagen med vandring under kyrkjegolvet og den gamle portalen til gamlekyrkja. Jostein sit med detaljkunnskap om gamlekyrkja. Han har og bygd modell av kyrkja som står til utstilling i kyrkja.  Matias hadde med to steinar frå denne portalen som vart stilt ut på dagen. Dei tre andre er frå venstre Magne Naustdalslid som sit i styret for Sogelaget og Olav Birkeland som er leiar.  Siste er Bjarne Erdal som sit med mykje lokalkunnskap frå Naustdal i gamle dagar.

_MG_1390_lt_r700_portal

Neste bilde syner at det var godt oppmøte i teltet. Vi kan skimte steinane frå den gamle portalen på høgre side.

_MG_1417_lt_r

Det var veldig stort oppmøte kl 15 da vandringa skulle finne stad. Her er berre eit utsnitt av køen inn til kyrkja.  Skal legge ut bilde frå «under golvet » litt seinare.

_MG_1497_lt_r7_kirke_txt

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Historiske hendingar. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.