Registrering av stølar/stølshus i Naustdal kommune

Spørsmålet vart teke opp på årsmøtet for 2012. Resultat: «Årsmøtet i Naustdal Sogelag vedtek at sogelaget tek på seg arbeidet med dette prosjektet».

Fylgjande vart valde som prosjektgruppe:

Ola DagThingnes, Gunnar Vassbotten, Agnar Horstad, Bjarne Erdal, Aud Jonstad Baardsen (f.o.m. Gamlebrua ~t.o.m. Herstad), Olav Fimland: (Innanfor Styggelia på begge sider av dalen).
Åsedalen og Kvamsstølane har vore eit prøveprosjekt. Gudrun Herstad, Magne Sæterlid og Jostein Sollid har samarbeidd om dette prosjektet.

Gudrun Herstad orienterte på årsmøtet om korleis dei har organisert dette og responsen dei har fått.

Ein tek sikte på at prosjektgruppa gjev rapport på neste årsmøte i sogelaget. Aud Jonstad Baardsen kallar inn til møte i prosjektgruppa.

Saksa frå kommuneposten nr. 1 2013:

Disposisjon for omtale av stølar og andre bygningar utanfor gardstuna.

Namn på matrikkelgarden og bruksnr.
Namn på stølen.
Kva bruk støla her, namn og b.nr.:
Stølsvegen: Kvar gjekk vegen, terreng, namn langs vegen og hendingar knytt til vegen. Gjekk det andre brukte ferdslevegar forbi eller nær stølen. 

Stølen og landskapet: Kort omtale av korleis stølen ligg i landskapet, i forhold til garden, i forhold til bygda,ved elv/bekk eller vatn,himmelretningar, terrengform ved stølen og namn på fjell og mark i området. Omtal gjerne også vegetasjonen i dag, markerte landemerker, utsyn, skredfare, plassert på snaufjell, skogsmark osv.
Stølsvoll og bygningar: Overordna skildring av stølsområdet når den var i bruk, einskild støl eller ei stølsgrend. Alder på stølen og dei bygningane ein kjenner til der. Korleis såg stølshusa ut medan dei var i drift og omtal korleis dei var plasserte i høve andre sine stølshus. Skildr storleik, alder, materialval og bygningsmåte på bygningane så langt ein veit. Dersom stølshusa er borte, omtal dei så langt du veit og har høyrt dei var. Har stølen vore flytta i si tid, kvar stod den og omtal så langt du veit grunnen til det, rasfåre, trolldom osv. Omtal stølskvier, gjerde heilt eller delvis rundt, materialval (stein, torv eller tre) og korleis dette ser ut i dag.
Livet på stølen: Omtal livet på stølen, gjekk budeiene heim kvar dag,overnatta dei, eller var dei var dei på stølen i lengre perioder. Kven støla vanlegvis. Når tok stølinga til, og når reiste dei heim med buskapen. Melkestell, ysting, smørlaging osv. Vart avdråtten jamnleg kløvja heim. Kva slags dyr tok dei med på stølen. Kvar beita dyra, gjeting, rovdyrsoger, huldresoger, og andre forteljingar om livet på stølen og ting som har hendt der, ulukker, brotsverk osv. Besøk på stølen, fellesskap mellom budeiene, fjell- eller stølsstemner osv. Historier knytt til denne stølen.
Andre resursar knytt til stølen: Vart stølskvia slått, fiske i elv og vatn, bærplukking, jakt, trekol, tjørebrenning, vedhogst, nøtter, torv osv.
Når slutta stølsdrifta og kvifor:
Korleis ser stølen ut i dag: Omtal stølsvegen i dag, korleis ser stølsområdet ut, korleis ser husa ut og kva er bruken, friluftsliv osv.
Andre bygningar utanom gardstunet som høyrde garden til:  Ved sidan av stølane hadde mange gardar også bygningar andre stadar. Dette gjeld vassbruksmiljøet som sager, stamper, kvernhus og ikkje minst hus som høyrde sjøbruken til som sjøboder, naust og havstover i øyane osv. Det meste av dette er gått ut av bruk lenge før stølane og lite er kjent og lite skrive ned. Det meste er nok gått i gløymeboka. Men noko er sikkert kjent enno i dag. Sogelaget ønsker at du skriv ned det du veit så utfyllande som råd er. Mange av desse anlegga var gjerne i fellesskap med naboar eller andre, men tenk ikkje på at andre kan skrive noko ned om det same. Gjerne foto.
Framlegg til disposisjon

Kvernhus: Plassering, byggemåte, materialval, alder, når ut av bruk, står bygget enno. Vart kverna brukt til anna enn å male korn, drift av truskemaskin osv. Brukte fleire same kvernhuset osv. Segner, historier og folkeliv knytt til dette kvernhuset. Foto.
Stamper: Plassering,byggemåte, materialval, alder, når i bygt, står bygget enno, tilstand. Kven eigde og kven brukte stampa. Segner, historier og folkeliv knytt til denne. Foto.
Vass-sager: Plassering, byggemåte, materialval, alder, når bygt, når slutt, anlegget i dag, privat eller felles, kven saga, spesielle historier, segner og liknande knytt til. Foto. Naust: Plassering, byggemåte, materialval, storleik, alder, tilstand i dag, eigarskap osv. Sogelaget er svært interessert i å få opplysningar om storebåt- eller jaktenaust. Vi veit frå skriftlege kjelder at slike fanst i kommunen, men nærmare om plassering, storleik og spor er ikkje kjende i dag. Gjerne med foto om slikt finnst.

Sjøbuer: Det same som for naust. Havstover og sjøbuer ute i øyane: Frå skriftlege kjelder er det opplyst at gardar i Naustdal hadde havstover/sjøhus ute i øyane i Flora,(Båsundet, Batalden t.d.). Både dalingane og folket langs fjorden tok del i sesongfiskeria etter torsk og sild i øyane og langs fjorden. Dei hadde både båtar, nøter, garn og fiskevegn dertil. Haugianarane dreiv dette mellom anna, og organiserte seg med jakter som frakta fangsten til Bergen og Oslo. Det vil vere fint om du skriv ned det du veit, plassering, byggemåte, storleik, når og tilstand i dag. Eksisterer det skriftleg omtale og eventuelt foto vil det vere fint å få opplyst det.

Lykke til..

 

Dette innlegget vart lagt inn i Årsmøter og referat. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.