Tur til Sunnfjord Museum

Sogelaget har fått ei avtale med Sunnfjord Museum v/avd.dir. Gunnhild Systad. 

«Gratis gard? – Nei, takk»  lyder førstesida i Firda 24 April. Historikar Kåre Lunden vil donere barndomsheimen sin til Naustdal Kommune. Saka aktualiserer tur til Sunnfjord Museum som truleg kan fortelje om det å ta vare på gamal tid. Sogelaget innbyr medlemane sine, kommunen (ordførar, formannskap og kulturkontoret), pensjonistlaget og alle andre til denne turen.

Da vert det slik..
Tysdag 15. mai tek vi turen til sunnfjord museum
oppmøte ved kommunehuset                kl 13.15
felles transport til museet                      kl 13.30
mottaking på museet                             kl 14.00
Ring   Åse Skåden Erdal   47641063  eller
Aud Jonstad Baardsen      90943746
for å sikre plass i bil eller buss..

Vi besøker Sunnfjord Museum 15 Mai kl. 1400 til omlag 1600. Programmet vert velkomen ved Gunnhild som vil halde eit foredrag om m.a kva rolle museet har for Sunnfjord, litt historikk og små historier frå opprettinga av sunnfjord museum, tankane bak det osv.  Deretter tek ho oss med på ei omvisning m.a. til Brennevinsstaua frå Naustdal.

Meir opplysninger seinare her på heimesida og andre stader.

Dette innlegget vart lagt inn i Bøker og hefter. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.