Årsmøte i Sogelaget

Onsdag 14. mars kl. 19.30, Kommunestyresalen i Naustdal

Alle medlemer og ikkje medlemer er velkomne til Årsmøte. Annonse i Firda kjem Tysdag 13 mars.

I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det invitert til diskusjon om registrering og ivaretaking av gamle bygningar og bygningsmiljø i kommunen. Laget har registrert at forfallet og rivningstakta går fort. Held det fram i same tempo blir det snart ikkje slike bygningar igjen. Det vert også orientert om den rause gåva til kommunen frå professor Kåre Lunden , “Lundentun”, og korleis denne saka står no. Egil Terøy vil presentere og orientere om dei gamle båtmotorane han har samla i Litle Høydalen. Som vanleg vert det kaffi og Åsekake å bite i. Alle er velkomne.

Bilete frå årsmøte 2010

 Bilete syner to hus som ikkje er meir.  

This entry was posted in Årsmøter og referat. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.