Sogeskriftet for 2011 er kome!

Ring 99613190 og meld deg inn i Sogelaget. Då får du årets sogeskrift i postkassa gratis. Det koster 175,- å vere medlem og då støttar du sogearbeidet i Naustdal.

I år er sogeskriftet ekstra stort, heile 112 sider. Vi kallar det jubileumsskrift avdi det er 20. årgangen. Av innhald kan nemnast mange gamle bilete, t.d. framsida syner eit bilete frå Ada’s album, det er fleire bilete frå albumet inni skriftet. Det er vidare skrive om ei bestemor på Skaflestad og om Lassestaua på Fimland. På Ullaland reiste ein odelsgut til Amerika, og han kom ikkje attende for å ta over garden. Det skapte problem heime. Vidare er det mykje om korleis dei levde i Amerika. Einar Eimhjellen fortel korleis det er der borte no i nyare tid. Andre stikkord er bautaen i sentrum og på Fimland. Ein tale av Magnus Grimset 17. Mai 1949 kan og nemnast.

Det er mykje meir, ja heile 112 sider.

Du får kjøpt skriftet i butikken og banken, kjøper du 5 stk får du eit gratis. Pris  kr 150,-. I banken kan du supplere med gamle sogeskrift til kr 33,-, tilbod berre i desember. Sogeskriftet for 2010 og 2009 koster derimot kr 100.

Ring 996 13 190 og meld deg inn i Sogelaget. Då får du årets sogeskrift i postkassa gratis. Det kostar kr 175,- å vere medlem og då støttar du sogearbeidet i Naustdal.
Dette innlegget vart lagt inn i Bøker og hefter. Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Sogeskriftet for 2011 er kome!

  1. Irene Hansen, Elisesvei 9, 3244 Sandefjord, tel 90193573 seier:

    Kan jeg få tilsendt 2 stk Sogeskrift for Nausdal 2011.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.