Huset til Audstein Erdal

Det er kalla inn til møte om framtida til huset. Brev er gått ut til  organisajonane nemnd under  her. Møtetid er Onsdag 12. jan. kl. 19 på kommunehuset. Føremålet er å kartlegge interessa i å ta vare på huset. Kommunen har kjøpt tomta og skal bygge barnehage. Kommunen er «kjend for å rive gamle hus»  Sogelaget og andre initiativtakarar vonar det er interesse for å nytte huset.

— Tambarskjelvar IL v/Jørn Helgheim
— Naustdal Sogelag v/Per Storegjerde
— Naustdal Pensjonistlag v/Bertel Meek
— Naustdal og Horstad Bygdekvinnelag v/
— Ordførar Håkon Myrvang
— Leiar i komiteen for kultur og oppvekst Magnar Falkenstein
Audstein Erdal sitt hus til høgre på bildet med flaggstong. Eit stasleg hus.

Sitat frå Naustdal Bygdebok I side 788. Bruk nr. 24 «Bøen». Skild ut frå bnr.2 i 1908

Anders Martinus  Erdal var ein «halden» mann, sjå oversikt lengre nede. Han fekk skild ut eigedomen i 1908. Huset skal vere bygd 3 år tidlegare i 1905. Frå 1897 til 1906 åtte han bruk 5 «Melkevika».  Audstein tok over i 1964 og no er kommunen eigar.

Anders Martinus Andersen Erdal
Personalia: Født 11.05.1856, Ramstad i Naustdal.
Sønn av lærar og gardbrukar Anders Henriksen Erdal (1821-1900) og Hille Madsdotter.

Utdanning og yrke: (Henta frå samfunnsveven.no)
Eksamen – Balestrand lærarskule (1877)
Elev – Med stipend til opphald ved lærarkurs (1891)
Elev – Med stipend til opphald ved lærarkurs (1896)

Lærar – Naustdal
Revisor – Overformyndarrekneskapane, Naustdal
Heradsrevisor – Naustdal
Adm. dir. – Naustdal Brandforsikringsforening
Lærar og kyrkjesongar – Naustdal (1888-1922) (1. jan. 1888-30. juni 1922)
Gårdbruker – Bøen i Naustdal (fra 1906) (kjøpte gården)
Direktør – Naustdal Sparebank (fra 1922)

Dette innlegget vart lagt inn i Bøker og hefter. Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Huset til Audstein Erdal

  1. Hallstein Jarl Erdal seier:

    Anders Martinus Erdal var stortingsmann for Venstre i to bolkar, først møtte han som varamann og 1918-1921 som fast stortingsmann. Det var siste perioden det var einmannskrinsar.
    A.M. Erdal var ordførar i Naustdal
    Formann i forliksrådet
    Formann i Sunnfjord indremisjon
    Overformyndar i Naustdal
    Skipa Naustdal branntrygdelag
    Var med å skipa austdal sparebank
    Var sentral i skipinga av Sunnfjord ungdomsskule, folkehøgkule

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.