Årsmelding for 2009

Gamal utgåve

Styret i meldingsåret har vore:

Leiar:                           Per Storegjerde

Skrivar:                       Olaus Jonstad

Kasserar:                    Rolf  Solheim

Styremedlem:             Odd Byrkjeflot

Styremedlem:             Magnar Falkenstein

Varalemer:                 Arvid Slettehaug

Erling Andvik

Skriftstyre:

Leiar:                          Harald Runde

Arthur Søgnen

Hallstein Erdal

Revisor:                                  Halldor Herstad

Vandrarnemnd:                      Erling Andvik

Arthur Søgnen

Ola Dag Thingnes

Valnemnd:                              Aud Baardsen

Sissel Grimseth

Rolf Haugnes.

Lagsaktivitet:

Styret har hatt 6 møter  og handsama 24 saker.

Medlemslista viser 193 medlemer. Tilgangen i meldingsåret er xxxx   stk.   Sjølv om dette må seiast å vere ei bra medlemsmasse, er det rom for mange fleire. Ved omdeling av årsskriftet , ser ein at det berre er eit fåtal av kassene skriftet skal leverast i.

Laget er gjeldfritt, og sat ved årsskiftet  på ein bankkonto på kr.    122.931   .  I tillegg  har lageret av bygdebøkene og årsskrifta stor  og stigande verdi.

Bygdebøkene må oppdaterast og fornyast med jamne mellomrom. Naustdal har fått eit særs godt bygdebokverk. Men det inneheld sjølvsagt ein del feil og manglar. Det gjer alle bygdebøker.  Med tanke på oppdatering av ættesogene , som bør skje om 10 – 15 år fram i tid , er det viktig at dette arbeidet startar opp allereie no ved at medlemene i sogelaget skriv ned  det dei ser  av feil og manglar og sender det på papir eller digitalt til sogelaget  som vil samle det .

Rekneskapen viser kr.   xxxx  i innkomer og kr. xxx    i utlegg.

Sogelaget har ikkje arrangert turar eller andre tilstellingar for medlemene i året.

Laget tok del saman med Kulturavdelinga i Fylkeskommunen  og Førde Sogelag   i markeringa av driftevegane gjennom fylket og  150 års markeringa  for mordet i  Trodalen  21. juni  der ein driftekar frå Aurland vart drepen.  I samband med denne markeringa vart det over fleire dagar  arrangert tur  i fotspora til denne driftekaren frå  heimstaden hans i Aurland og fram til Trodalen.  Naustdal Sogelag sytte for at stien frå  Instedalen Skule og innover mot Trodalen vart merka og  litt rydda .  Rolf Haugnes  sytte for båttransport på Trodalsvatnet for dei som var dårlege til fots.  Dessverre var oppslutninga  moderat.

Denne ferdslevegen er faktisk den første riksvegen mellom Naustdal og Førde. Saman med dei andre  tidlege ” riksvegane” til fjells  fortener den meir merksemd. Her er det trong for meir merking og rydding.

Som vanleg tok sogelaget del i Sanden Søndag med eige telt. Dessverre regna mykje av dette arrangementet bort.  Dei geografiske rammene for dette arrangementet er svært snevre , og det kan derfor ikkje bli eit årleg arrangement  som samlar aktiviteten  i   Naustdal.   Sogelaget la opp til  historisk ” fjørevandring” med lokal kjentmann  frå Kaia og inn til Rangvalden med gamle og nyare foto  for å vise forandringane som har skjedd der. Dette kom innanfor den geografiske ramma , men regna fullstendig bort.

Styret har oppmoda og forsøkt stimulert  Sigmund Svoen med hjelparar om at arbeidet med Utvandrarsoga for Naustdal på internettet  må halde fram.

Odd Byrkjeflot har ordna med eiga heimeside for Naustdal Sogelag  med link frå/til Kommunen si side , og forsøker å halde den oppdatert.

Inge Fitje har no fullført arbeidet med å digitalisere  fotosamlinga. Det viser seg at ein del av fotoa som er nytta i bygdebøkene tidlegare er digitalisert av Fylkesarkivet  og såleis sikra ei god framtid.

Styret har drøfta korleis ein kan sikre  foto , smalfilm og lydopptak frå dei seinaste 50 åra for ettertida utan at ein har funne fram til ei god ordning. Etter Ingolf Eimhjellen  skal det finnast mange lydopptak på kassettar frå folk som no for lengst er borte. Nye fell bort kvart år.  Det er semje om at laget bør gjere noko med dette.

Styret har også drøfta saka frå siste årsmøte om krambua på Nyheim.  Styret finn det svært vanskeleg  å engasjere seg i så store prosjekt  med den oppslutnad det er i laget . Det  kjem meir inn under vanleg museale oppgåver.

Prosjektet om Naustdals-litteratur  til biblioteket  er ført vidare.  Det same om utgjeving av utdrag av denne  i neste årsskrift.

Stova på Jonstad har ikkje vore nytta av sogelaget i meldingsåret.  Eigaren skal no ha rusta huset heilt opp og teke det i bruk.

Tunet  til Audstein Erdal er teken over av kommunen og det er reist spørsmål om kva det skal brukast til framover. Sogelaget har oppmoda kommunen om at stovehuset bør takast vare på og nyttast til ulike lagsaktivitetar.

Sogelaget disponerer eit lagerrom i kjellaren på Kommunehuset saman med andre lag. Dette er ikkje fullnøyande , då det lett oppstår rot med fleire kokkar. Sogelaget bør arbeide for å få eige lagerrom.

Salet av bygdebøker går jamt , men kunne ha vore ønska større.  Røynsler andre stadar i frå  viser at bygdebøker er som med antikvitetar, meir interesanne og kostesame til eldre dei blir.   Årsskrifta går tregare.  Desse er no gjennom snart 20 år i grunnen svært variert og interessann lesnad  som burde kunne seljast som seriar.  Det er viktig  for Sogelaget si målsetting  med det årlege dryppet som årsskriftet i røynda er.  Skriftet må ha med stoff frå heile kommuna , frå gamal og ny tid og frå alle områder  folket i kommuna har vore og er opptekne av.

Styret har drøfta om folk frå kommuna har teke del i Jektefart til Bergen ,som er velkjent  frå Sogn , Nordfjord og Dalsfjorden, og kva med sesongfiskeria ved Kinn og i Bremanger samt sildesjauing i nyare tid  som er lite omtala og dokumentert.

Styret ser mange felt og områder det burde arbeidast mykje meir med , men saknar eldsjeler og oppslutnad  til å yte frivillig arbeid.

Spørsmålet om etablering av eit bygdetun har vore drøfta.  Sjølv om det truleg kan søkjast på , og ha von om å få betydelege offentlege midlar til eit slikt tun , er styret skeptisk til  å ta på seg ei slik oppgåve.

Naustdal   6. febr.  2010.

Per Storegjerde                      Olaus Jonstad                         Rolf Solheim

Magnar Falkenstein               Odd Byrkjeflot

Dette innlegget vart lagt inn i Årsmøter og referat. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.