Årsmøtereferat for 2008

Årsmøtet vart halde på Kommunehuset i Naustdal fredag 1. februar 2008.
18 medlemmer møtte på årsmøtet i Naustdal Sogelag:

Sak 1. Formannen ynskte velkommen, og gav ordet til Sigmund Svoen som orienterte og synte fram arbeidet med utvandrarsoga på Internett.
Utgangspunktet for arbeidet er ei liste som Einar Eimhjellen utarbeidde over utvandrarar frå Naustdal. Den er ordna etter gardsnummer, og det er no samla inn ein god del bilete og opplysningar, men enno manglar og ein god del.
Sidene er no i ferd med å bli omsette til engelsk.
Aud Slettehaug som er koordinator for utvandrarfestivalen sa seg godt nøgd med dette arbeidet til no, og lovde å gi ei pengestøtte på kr. 5000,- til prosjektet vårt.
Svoen retta ei stor takk til Kjell Skaflestad som legg arbeidet ut på Internett etter kvart.

Sak 2. Matykt.

Sak 3. Godkjenning av innkalling og sakliste:
Årsmøtet var kalla inn ved lysing i Firda, og på heimesidene til Naustdal Sogelag.
Det var ingen merknad til innkalling og sakliste.

Sak 4. Val av møteleiar:Inge Fitje. Sigmund Svoen og Målfrid Haugsbakk.
Sak 6. Årsmelding:Årsmeldinga var utdelt til årsmøtet. Den var og lagt ut på heimesida til Sogelaget på førehand.
«Møtelyden tok årsmeldinga til vitring
Sak 7. Rekneskap:Kasserar Ingolv Reiakvam gjekk i gjennom rekneskapet.
Sogelaget er no gjeldfri. Det var litt ordskifte om økonomien i laget.
Det kom fram synspunkt om at verdien av bygdeboklageret må nedskrivast.
Styret skal gå igjennom boklageret og justere verdien
Det vart oppmoda om tilbod på bygdebøker i samband med Utvandrarfestivalen.
Det var sett fram ein ide om at Sogelaget presenterer seg, og bygdebøkene for Sunnfjordlaga i Bergen og Oslo.
Rekneskapet vart samrøystes godkjend.Sak 8. Medlemskontingent:Det har vore diskutert i styret om kontingenten skulle settast opp til kr. 200,- på grunn av at skriftstyraren er lova kr. 5000,- for arbeidet.
Styret hadde likevel foreslått uendra kontingent.
Det var ein del ordskifte om dette, men
Styret sitt forslag på kr. 150,- vart vedteke mot 2 røyster.Sak 9. Matiasstova på Jonstad:På styremøte i sogelaget 8. januar 2008 vart det fleirtal for å avslutte avtale/ samarbeidet med Einar Skudal om den gamle Matiasstova på Jonstad.
Bakgrunnen for dette var at denne saka har lege død sidan 2004, og det ville verke uheldig ovanfor Skudal å trekke den fram igjen no.
Då formannen orienterte Skudal om dette, kom det fram at han i høgste grad var interessert i eit vidare samarbeid med Sogelaget om bruken av stova. 
Det vart ein del ordskifte om saka. Konklusjone vart at styret skal kontakte Skudal igjen med tanke på bruk av stova, spesielt i samband med Utvandrarfestivalen.
Harald Runde meinte vi mått ta opp igjen spørsmålet om kontorplass i stova.
Han meinte vidare at det kunne vere mogeleg å skaffe bl.a. BU midlar, og han tilbydde seg å vere med på å søke om midlar til stova.

Sak 5. To til å skrive under møteboka:

Sak 10. Bok eller sogeskrift frå utvandringa:Dette punktet vart ikkje reelt drøfta. Slik stoda er no, skal vi konsentrere oss om å få til ei god internettside om utvandringa.

I notat til årsmøtet skreiv formannen bl.a dette om Bygdetun:
Kjell Klopstad kom for ei tid tilbake med forslag om eit bygdetun i Naustdal, og at det burde vere ei sak for sogelaget å engasjere seg i. Klopstad fekk fortalt litt om saka på medlemsmøte på Håjen kafe hausten 2007. Det har vore liten interesse for saka i styret i Sogelaget, så eg tek det opp som ekstra sak no på årsmøte.
Årsmøtet meinte dette er ein god tanke. Kanskje kunne det vere eit samarbeid med Sandens venner. Det kom fram at det er tenkt tankar omkring dette i kommuneplanen.
Det vart ikkje nokon konklusjon, men ei oppmoding til Kjell Klopstad om å arbeide vidare med forslaget.

Sak 11. Tilkommande saker:

Sak 12. Val:Valet vart leia av Jostein Sollid.Etter forslag frå valnemnda vart desse valde med akklamasjon:Leiar: Inge Fitje Attval. Vald for eit år..Styrelemer: Olaus Jonstad
Rolf Solheim Nye. Valde for to år..
Bjarne Øyra og Bertel Meek har eit år igjen.Varalemer: Magnar Falkenstein
Arvid Slettehaug Nye. Valde for eit år..

Skriftstyre: Harald Runde Leiar. Ny. Vald for eit år.
Hallstein Erdal Ny. Vald for to år.
Arthur Søgnen har eit år igjen.

Revisor: Haldor Herstad Attval. Vald for eit år.

Vandrarnemnd:
Ola Dag Thingnes Ny Vald for tre år.
Arvid Slettehaug Har 1 år igjen.
Arthur Søgnen Har 2 år igjen.

Valnemnd: Rolf Haugnes Ny. Vald for tre år.
Jostein Sollid Har 1 år igjen.
Sissel Grimseth Har 2 år igjen.

Aud Slettehaug orienterte deretter om arbeidet med Utvandrarfestivalen.
Det er no klart at det kjem fleire seglskip inn fjorden.
Tysdag 5. august kl 12 vert det opning av Utvandrarfestivalen, truleg på Sanden.
I samarbeid med Sunnfjord Outdoor har ein tenkt seg 3 vandreturar i Naustdal med ei form for tunaktivitet /enkel servering av tradisjonsmat ute.
Vevring/Sellevollstølen – Fimland grendalag arbeider med eit opplegg – og trule eit eller anna på Kleppstølen.
Aud arbeider med å få laga gamle bilder til oppslag i Naustdal sentrum og/eller andre stader i bygda. Ho arbeider med å få ein sponsor til dette.
Ho har tankar om ein «tunsafari» der deltakarane kan besøke eldre tun og ta bilder sjølv, osv.
Ho oppmodar Sogelaget om å arrangere ein «Sogelagsbutikk» der vi kan selje bygdebøker, sogeskrift, osv.
Her kan og vere høve til å slå opp i bygdebøker, søke på internett, osv.
Ein ide er å gjere dette i samarbeid med at Bondekvinnelaget eller lignande har ein kafe. Dette kan vere enten i skulen eller kommunehuset.
Ein tek sikte på å ha ein avslutningsbankett i Naustdalshallen på fredagen.

Etter matykta gjekk ein over til dei vanlege årsmøtesakene:

Deretter synte Bjarne Øyra fram serien med gamle bilete frå Naustdal sentrum, som eigentleg var laga til Sanden-søndagen. Serien skal og leggast ut på Utvandrarsidene.

Bjarne synte og fram ein serie bilete frå om lag 1915-30, hovudsakleg frå Instedalen.
I fjor vinter fekk vi tre fotoalbum frå dødsbuet til Johanna Barstad som hadde vore universitetsbibliotekar i Oslo. Johanna hadde albuma frå mor si , som hadde slektstilknyting til Nes og Svorstølen, og hadde vore mykje i Nordbakken på Svorstølen kring 1920-talet.

Deretter gjekk ein vidare til neste punkt på sakslista som var:

Nestleiar Bertel Meek overrekte blomar til Norhild Joleik og Ingolv Reiakvam som no takkar av som skriftstyrar og kasserar.

Naustdal, 5. februar 2008.

——————– ——————– ——————–

Bjarne Øyra (sign) Sigmund Svoen (sign) Målfrid Haugsbakk (sign)

Skrivar.

Dette innlegget vart lagt inn i Årsmøter og referat. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.