Årsmelding for 2007

Styret:

Styret har i arbeidsåret vore slik samansett:

Inge Fitje leiar, Bertel Meek nestleiar, Ingolv Reiakvam kasserar, Bjarne Øyra skrivar, Norhild Joleik styremedlem, varamedlemar Jakob Thingnes og Orlaug Hove. Jakob Thingnes har delteke på fleire møte i staden for Norhild Joleik som arbeider i Oslo.

Skriftstyret:

Norhild Joleik, leiar, Arthur Søgnen og Torleiv Førland.

Valnemnd:

Sissel Grimset, Jostein Sollid og Målfrid Haugsbakk.

Vandrarnemnd:

Jostein Sollid, Arthur Søgnen og Arvid Slettehaug

Revisor:

Haldor Herstad.

Lagsaktivitetar:

Styret har hatt 9 styremøte og handsama 31 saker. I tillegg har laget hatt eit medlemsmøte på Håjen kafe,( Slettehaug). På medlemsmøte orienterte Aud Slettehaug om utvandrarfestivalen august 2008. Bjarne Øyra viste gamle bilete frå Naustdal sentrum. Kjell Klopstad orienterte om eit framtidig bygdetun som han meinar sogelaget bør engasjere seg i. Sentrumsplanen for tettstaden Naustdal er under utarbeiding og eit eventuelt bygdetun bør planleggast i den samanheng. Det vart dessverre litt samanblanding med ei stove hos Einar Skudal på Jonstad som han har stilt til rådvelde for sogelaget og som fleire i sogelaget har lagt ned mykje dugnadsarbeid på. Det rette er vel at eit bygdetun og stova på Jonstad er 2. ulike prosjekt..

Av ymse årsaker var det Harald Runde som også i år tok på seg arbeidet med sogeskriftet, og som vanleg godt utført arbeid. Vi har fått mange positive reaksjonar på årets sogeskrift. Jostein Sollid har delteke på eit styremøte og orientert om opplegget og reisemålet for årets lags tur som gjekk til Matre traktene. Viser til referat i K- Posten. Ei nemnd samansett av 3 personar, i alfabetisk orden, (etter fornamn) Bertel Meek, Jakob Thingnes og Sigmund Svoen har arbeidd med ei utvandrar historie i samband med utvandrarfestivalen til sommaren 2008. Sigmund Svoen har laga ei heimeside og som fagmann på område har han delteke på 2 styremøte og orientert om saka. Heimesida ligg på internett under adresse www.utvandring-naustdal.info Heimesida bør utviklast vidare.

Aud Slettehaug var på eit styremøte for å oppdatere styre om utvandrar dagane 4-9 august d.å. Sogelaget hadde planlagt eit opplegg på Kjartan dagen men det regna bokstaveleg tala burt. Det same kan vi vel seie om sanden sundagen. Med så dårleg erfaring med ver og vind har styre vedtek å kjøpe eit telt til nytte i liknande høve.

Tross dårleg ver så har det hendt svært positive ting for laget. På vårparten fekk laget ei gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane på kr. 1000. Ikkje nok med det, men ut på hausten vart Naustdal Sogelag tildelt Vevring prisen. I forbinding med Vevring prisen fylgde det med ein krone sum på kr. 5000. Gåver til saman på kr. 6000 har tilfalle laget. Laget er svært takksame for gåver og midlar vi har fått til rådvelde.

Bertel Meek møtte på bokvelden som mållaga i Naustdal og Førde arrangsjerte på haustparten på Øyrane Vidaregåande skule i Førde Harald Runde møtte også på bokkvelden. Norhild Joleik har hatt innlegg i 2. nr. av K-Posten om ymse aktivitetar i sogelaget. Jostein Sollid skreiv referat i K-Posten om turen laget hadde til Matre traktene på haustparten.

Økonomi har vore drøfta ein del i styre i 2007 som det var i 2006. Kasseraren legg fram rekneskapen for året seinare på møtet.

Den saka styret og andre har arbeidd mest med dette året er sogelaget sitt program på utvandrar dagane i august i år.

Medlemstalet:

Medlemstalet ligg på omkring 175. Ein liten nedgang i forhold til 2006. Av ymse grunnar har det vore litt uklart i år om kven som har betalt medlemspengar og kven som ikkje har betalt, så medlemstalet er litt usikkert..

Bygdebøkene:

Salet av bygdebøker går som tidlegare år jamt og trutt, litt avtakande etterkvart. I desember var prisen på bøken nedsett ein del, 600 kr. For bind 1. og 2. og 500 kr. for bind 3. Kr. 1500 for 3. bind samla. Også i år prøvde vi med ein salsdag på ICA og COOP ( Samyrkelaget). Salet var svært labert for å bruke det uttrykket, ei bok på kvar stad. Vi hadde truleg salet på feil dag, noko leiaren i laget får take på si kappe, han var for seint ute og tinge plass på butikkane. Salet var tenkt halde laurdag 8. desember men måtte flyttast til fredag 7. desember. Det ser ut som at boksalet i banken gjekk tilsvarande betre. Laget har hatt tilbod på sogeskrift, alle utkomne sogeskrift i ein samla pakke for kr. 500, så langt er det selt 2 pakkar. Det er tilbod på alle sogeskrift av ymse årgangar frå kr. 50 til kr. 100. Bokhandlarane får 30% rabatt dersom dei betalar pr. faktura. 29. mars i 2007 hadde Inge ei opp teljing av Bygdebok bind 3. og der var då 668 bøker på lager, talt i heile kartongar.

Økonomi og drift av laget:

Økonomien i laget er i betring, noko som kjem fram i kasseraren si melding seinare. Det ligg også store verdiar på lager i form av bygdebøker og sogeskrift. Også i år fekk vi ein del sponsorar i høve til utgiving av årets sogeskriv. Vi er svært takksame og ynskjer alle sponsorane som stilte opp alt godt og eit framgangsrikt år. Når det gjeld sponsorar har vi sterk tevling av andre lag og foreiningar, særleg frå idrettsmiljø. Styret har gått inn for same ordninga i 2008 som dei 2. forgåande åra om å sende ut bankgiro for medlemspengane på vårparten med lovnad om sogeskrift om hausten. Det forpliktar då laget å gje ut sogeskriftet.

Framtida:

Den nære framtida, tenker då på året vi er inne i, så har styret vurdert eit godt sogeskrift og deltaking på utvandrarfestivalen i august som dei viktigaste sakene. Det har også vore samtale om medlemstalet og kva vi kan tilby medlemane for at så mange som mogeleg framleis støttar laget. Langsiktige planer og program har vore mindre drøfta i styre. Det kan i den samanheng vere nyttig å referere litt frå vedtektene for laget. Særleg paragraf 2. Arbeidsoppgåve

a. Naustdal sogelag skal arbeide for å auke interessa for lokalhistorie i bygda. Det kan vere å skipe til møte eller samlingar om historiske emne, utgiving av historiske skrifter eller på anna vis få til aktivitet som tenar føremålet.

b. Laget skal ved direkte stønad eller ved rettleiing og samarbeid med Naustdal kommune og andre, og arbeide for at gamle kulturminne kan bli tekne vare på i sitt opphavelege miljø.

c. Laget, saman med kommunen og andre, har ansvar for å gi ut bygdebok for Naustdal.

d. Laget skal gje ut årsskrift som tek opp lokalhistoriske emne frå Naustdal kommune.

Paragraf 2; punkt c er fullført, men det kan kanskje ver ei oppgåve for laget å revidere bind 1. og 2. Der er ymse småfeilar og enkelte familie og personar er falle heilt bort, ikkje kome med i bøkene.

Møte og samlingar av medlemene bør vere ei god sak for laget der medlemane kan kome saman og drøfte ymse synspunkt og interesser til laget sitt beste.

Inge Fitje, leiar Bertel Meek, nestleiar
Ingolv Reiakvam, kasserar Bjarne Øyra, skrivar
Norhild Joleik, styremedlem Jakob Thingnes, vara
This entry was posted in Årsmøter og referat. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.