Årsmelding for 2006

Styret:

Styret har i arbeidsåret vore slik samansett:

Inge Fitje                     leiar.

Bertel Meek                 nestleiar.

Ingolv Reiakvam            kasserar.

Bjarne Øyra                 skrivar.

Nolrhild Joleik            styremedlem.

Jakob Thingnes            varamedlem

Orlaug Hove                varamedlem

Skriftsthyre for sogeheftet:

Harald Runde               leiar

Thorleif Førland

Arthur Søgnen

Revisor:

Haldor Herstad

Vandrarnemnd:

Arthur Søgnen, Jostein Sollid, Arvid Slettehaug.

Valnemnd til årsmøtet 2006:

Ola Dag Thingnes, Jostein Sollid, Målfrid Haugsbakk.

Lagsaktivitet:

Styret har hatt 11. møter og handsama 30. saker. Ein del av saker har blitt handsama på fleire møter.

Harald Runde har som leiar i skriftstyre delteke på 2 styremøte i forbindelse med sogeskriftet for 2006.

Årets sogeskrift kom ut i første halvdel av november og er godt motteka av medlemane.

Harald Runde har som vanleg utført eit godt arbeid med det.

Jostein Sollod har delteke på eit styremøte, som leiar av vandrarnemnda og orienterte om turopplegg for sogelaget sommaren 2006.

Turene gjekk til Værlandet- Bulandet 27. august, med buss og båt. Ein svært fin tur.

Arthur Søgnen har skrive referat frå turen, det finn ein i sogeskriftet for 2006.

På årsmøte 6. mars 2006 kom det forslag om å stadfeste kor dei ymse husmannsplassane var plasert i terrenget i Naustdal krins, eventuelt få dei innteikna på kart. Arthur Søgnen sa seg villeg til å arbeide med dette. Det viser seg å vere ei både vanskeleg og svært tidkrevande oppgåve, så i alle høve førebels er saka lagd til sides. Kart over stadnamn i Naustdal finn ein på Fylkesarkivet.

Det kom også forslag om å finne ættlingar i Amerika etter utvandra naustdøler. Det er 2. mann  frå laget i arbeid med denne saka, Olav Rognebakke og Einar Eimhjellen.

Einar Eimhjellen og Jetvar Kalland møtte på styremøte 22. november 06. i forbindelse med dette arbeidet. Eimhjellen kunne då opplyse at Naustdal Kommune og andre organisasjonar arbeider med same sak, eit samarbeid her burde vere interesant. Aud Slettehaug fortel om dette prosjektet på årsmøte.

På styremøte 22. november møtte også Olav Stendal, og orienterte litt om arkivet som er samla i forbindelse med bygdebøkene..

.Det har vore styret si målsetting å få ei nemnd i gang med  registrering av endring i busetjinga i Naustdal etter at bygdebøkene kom ut. Førebels står saka stille

Sogelaget hadde som vanleg stand på Sanden sundagen 20 august. Styret hadde lagt opp til ein liten konkuranse, men det var liten interesse for den, sjølv om vi hadde ei bygdebok som premie. Boksalget var heller ikkje særleg livleg.

Bertel Meek og Joar Stegane deltok for sogelaget på bokkveld i Førde, som Førde og Naustdal mållag skipa til på haustparten

Norhild Joleik skreiv eit innlegg i K-posten  som kom ut på haustparten, der ho skreiv litt om sogelaget og arbeidet vi driv med.

Den store  gjentekne saka på styremøta dette året har vore økonomie.

Medlemstalet:

Betalande medlemar i 2006 er kring 180 stk.

Nokre nye er kome til og andre har falle ifrå.

Bygdebøkene:

Vi kan vel bruke same formuleringa som i fjord. Salet går jamt og trutt. Laurdag 16. desember hadde vi salaksjon på bygdebøker og sogeskrift, både på Samyrkelaget og på ICA. Prisane på bøkene var reduserte. På band 1. og 2. vart prisen sett til kr. 600. og band 3. til kr. 500. Alle tre band samla kr. 1500. På Samyrkelaget vart selt alt i alt med bøker og sogeskrift for fram i mot 10.000. kroner. På ICA var det litt mindre sal. Styret har ikkje avgjort endeleg om prisane skal settast opp att til gamal pris. Bøkene tek til å verte gamle og markedet minkar år for år.

Ei grovtelling av bygdebøker vi foretok viser at det ligg på lager over 620 stk. av band 1. vel 250. av band 2. Band 3. har vi så langt ikkje talt men der ligg svært mange på lager. Når det gjeld sogeskrift så hadde Bertel Meek og Inge Fitje ei opptelling, og der var til saman 2525. sogeskrift på lager av ymse årgangar. Det har ikkje vore drøfta i styre men meir som ei høgttenking at vi skulle gå ut med tilbod på samla pakkar av alle årgangar vi har, til redusert pris. Det kan vere ei oppgåve for det nye styret.

Øknomi og drift av laget:

Når det gjeld økonomien til laget så ser det litt lysare ut. Det er von om at vi kan betale ned all gjeld i inneverande år. Vi var så heldige i 2006 at ein del av næringslivet i Naustdal sponsa utgivinga av sogeskriftet med til saman kr.7000. Vi er svært takksame for det. Det førde til at drifta og utgivinga av sogeskriftet gjekk i balanse.

Vi bør prøve å få tilsvarande ordning dette året også.

For 2006 vart det vedteke ei prøveordning med å sende ut bankgiro til medlemene tidleg på året med betalingsfrist. Dei som betalte medlemspengane innan fristen gjekk ut, fekk sogeskriftet levert i postkassen på haustparte. Ordninga har virka godt og styret har vedteke og forlenge ordninga. Vi tek ikkje sikte på å auke medlemspengane i 2007.

Framtida:

Vi må vere opptimistar og tru på at Sogelaget har ei oppgåve og framtid i bygda. I so fall må vi pøve å halde medlemstalet på noverande nivå, helst auke det.

Sal av bygdebøker og sogeskrift er svært viktigt. Det ligg mykje kapital i bøkene og til dels i sogeskrifta. Vi bør også i år deltake på Sanden sundag, og på den kulturmønstringa som kommunen planlegg til sommaren.

Det er ynskjeleg at medlemane i laget kjem med forslag til aktivitetar laget kan engasjere seg i. Det bør lagast ei arbeidplan for laget.

Harald Runde takkar for seg som skriftstyrar etter 14 år. Han har utført eit verdifult og godt arbeid, nærmast på dugnad. Norhild Joleik tek over  som skriftstyrar. Vi kan vere trygg på at arbeidet med sogeskrifta i framtida vert tilrettelagt og utført på ein god måte.

Naustdal 22. februar 2007

Inge Fitje                                          Bertel Meek                                    Ingolv Reiakvam

Bjarne Øyra                                       Norhild Joleik

Dette innlegget vart lagt inn i Årsmøter og referat. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.